Plakett i Sons of Norway-parken i Breckenridge, der Berge, Rockne og Pedersen vert heidra.
Fotograf
Eirik I. Eldøy
Eigar
Eirik I. Eldøy

Dei tre ski-pionerane i Breckenridge

Breckenridge, Colorado, er ein av dei best besøkte skistadane i USA. Kvart år kjem bortimot to millionar skituristar til byen for å stå på ski i skianlegget der. Breckenridge ligg rundt 3000 meter over havet, og i dag ligg toppunktet på den øvste heisen nesten tusen meter høgare. Terrenget er svært godt eigna for skibakkar, og så høgt over havet er òg snømengdene store. Det var to utvandrarar frå Voss som hadde ideen til dette.

Image
Skianlegget i Breckenridge ligg flott til i Rocky Mountains.
Fotograf
Ukjend
Eigar
ahodges7/Wikimedia commons

Stein Eriksen

I OL i 1952 tok Stein Eriksen OL-gull i storslalåm, og i VM to år seinare tok han tre gull – i slalåm, storslalåm og kombinasjonen. Han var altså ei av dei store alpinstjernene i verda i 1950-åra. I 1952, etter OL, flytta han til USA, og der vart han etter kvart skilærar fleire stadar. Frå 1958 var han ansvarleg for skiskulen i Aspen, Colorado, og her fekk to alpinistar frå Voss, Trygve Berge og Sigurd Rokne, arbeid. Rokne endra seinare etternamnet sitt til Rockne.

Sigurd Rockne og Trygve Berge, saman med Miss Colorado. 
Fotograf
Carl Scofield
Eigar
Carl Scofield

 

Image
Trygve Berge og Sigurd Rockne, fotografert i 2021. 
Datering
2021
Fotograf
Carl Scofield
Eigar
Carl Scofield

I 1960 inviterte forretningsmannen Bill Rounds dei to vossingane til Breckenridge, noko lengre aust i Colorado. Han ville byggja eit trelastsenter der. Dei to såg at området var glimrande eigna for skikøyring, og dette var Rounds samd i. Berge og Rockne stakk ut dei fyrste traseane for heisar og løyper, og skianlegget opna i desember 1961. I dag er der i alt 35 heisar og skitrekk i skianlegget. 

Berge og Rockne var sentrale heilt frå oppstarten i Breckenridge. Nokre år seinare inviterte dei Olav Pedersen til Breckenridge, og han kom dit hausten 1964. Han vart tilsett som skilærar, fyrst i alpint, seinare i langrenn. Alle tre var med på å byggja opp skistaden, og i 2010 valde byen å heidra dei – i sentrum av Breckenridge ligg i dag parken «Sons of Norway», der eit informasjonsskilt presenterer dei tre. Alle tre er tekne opp i Colorado Snowsports Museum Hall of Fame – Pedersen vart teken opp i 1997, Berge i 1999 og Rockne i 2024. I 2000 vart Olav Pedersen teken opp i U.S. National Ski Hall of Fame. 

Trygve Berge (f. 1932)

Trygve Berge i utforløypa i Bavallen, 1958. 
Datering
1958
Fotograf
Christian Herheim
Eigar
Voss folkemuseum

Trygve Berge vaks opp på Brekkù i Gullfjordungen. Han vart tidleg ein ivrig skiløpar og konkurrerte i langrenn, hopp og alpint. I 1956 vann han NM-gull både i utfor og kombinasjonen. Han vart teken ut til OL i Cortina i 1956, der han var med i utfor-rennet. Avisa Hordaland var ikkje like opptekne av lokale idrettsmenn på den tida – i ein liten notis skriv dei fyrst at på femmila smurde dei norske langrennsløparane seg vekk, før det kjem eitt avsnitt om utforrennet. Det står om vinnaren, det står om Asle Sjåstad som vart best av dei norske, før avsnittet sluttar med setninga «Trygve Berge var millom dei som braut laupet». Det var han ikkje åleine om – 28 av dei 75 som starta måtte bryta. Sjåstad var einaste nordmannen som kom til mål.

Frå 1958 budde altså Berge i USA. Han var skilærar i Breckenridge, men han gjorde meir enn det. Saman med Stein Eriksen reiste han rundt til skianlegg i USA, der dei viste fram stor skiakrobatikk. Dette var han med på heilt til 1989, og saman gjennomførte dei over 2000 slike program. 

Frå 1961 dreiv han to sportsbutikkar i Breckenridge; den eine heitte Norway House. Nokre år hadde han òg sportsbutikk i storbyen Denver. Han dreiv skiskulen i Breckenridge fram til 1970. 

Tidleg i 1970-åra budde han nokre år på Voss, og her dreiv han mellom anna eit vaskeri. Han hadde store planar for å utvida Bavallen, og han prøvde å kjøpa ein av gardane på Skjerpe for å byggja hotell der. Kommunen gav klarsignal, men Berge kom ikkje i mål med finansieringa. Han flytta deretter tilbake til Breckenridge. 

Sigurd Rockne (f. 1933)

Sigurd Rockne i Bavallen, 1955.
Datering
1955
Fotograf
Christian Herheim
Eigar
Voss folkemuseum

Sigurd Rockne vaks opp på Skiple. Til liks med Berge var han ein alpinist i den nasjonale toppklassen, og han tok NM-gull i utfor både i 1953 og 1954. I VM i 1954 vart han nummer ti i storslalåm. Under NM i 1956 knekte han foten, men han trena seg opp og tok tre medaljar i NM i 1958. 

Både Rockne og Berge vart kjendisar i Breckenridge. Dei var altså begge lærarar ved skiskulen, men dei var òg glade i å visa fram meir avanserte triks på ski. Rockne dreiv lenge restauranten The Gold Mine, eit namn som spelar på at det vart funne mykje gull i området frå 1860 og framover. Han arbeidde òg ei tid som entreprenør.

I 1963 vart festivalen Ullr fest skipa til for fyrste gong. Ideen kom frå Rockne og Berge, som meinte at Breckenridge måtte ha meir å by på. Festivalen er kalla opp etter den norrøne skiguden Ull, og i dag varer festivalen rundt ei veke, kvar desember. 

Rockne og Berge er ikkje aktive i skiløypene lenger, men begge er sett på som legender i Breckenridge.

Olav Pedersen (1917–2004)

Olav Pedersen i 1971. Skiene er av merket Attenhofer, som vart produsert i Sveits på lisens frå norske Splitkein. 
Datering
1971
Fotograf
Ukjend
Eigar
Terje Pedersen

Berge og Rockne hevda seg på nasjonalt nivå innanfor skiidretten. Det gjorde ikkje Olav Pedersen, men han gjorde det stort på andre område.

Det er likevel ikkje det same som at idrett ikkje var viktig for han òg. Alt frå han var liten konkurrerte han i mange idrettsgreiner – vinterstid var det ski og skeiser, og om sommaren var han minst like aktiv: Han konkurrerte i minst ti ulike øvingar i friidrett. I 1938, då han budde i Hallingdal, hoppa han 6,65 meter i lengde, og det er framleis krinsrekord der. 

Han vaks opp i ein jernbanefamilie, med ein far som var lokomotivførar på Bergensbanen. Olav tok examen artium ved Voss off. landsgymnas, før han gjekk jernbaneskulen og fekk seg jobb hjå NSB. Det var grunnen til at han flytta til Hallingdal, der han budde frå 1938 til årsskiftet 1949/50. 

Dei to siste åra han budde der var han ordførar i Flå. Det vervet fekk han etter eit merkeleg kommuneval i 1947. Veljarane kunne velja mellom tre lister – Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, og ei borgarleg samlingsliste. På den siste lista stod Pedersen på niandeplass, ein plass som normalt ikkje ville gjeve plass i kommunestyret. Arbeidarpartiet hadde hatt reint fleirtal i det utgåande kommunestyret, og då røystene vart talde opp låg det framleis an til at partiet skulle ha reint fleirtal. Men der var formelle feil ved både Arbeidarparti-lista og lista til KrF, og begge listene vart annullerte. Dermed fekk Flå brått eit kommunestyre der alle medlemmene var frå den borgarlege samlingslista. På det konstituerande møtet i kommunestyret vart Pedersen valt til ordførar, og han vart med det den yngste ordføraren i landet. Han gjekk av i desember 1949, av di han hadde fått jobb på Fjøsanger.

Olav Pedersen fotografert i Setesdal i 1987.
Datering
1987
Fotograf
Ukjend
Eigar
Terje Pedersen

I 1952 flytta han og familien til Voss. Her hadde han fleire ulike jobbar – fram til 1955 arbeidde han i NSB, men deretter var han journalist, forsikringsagent og lærar. Her hadde han to periodar i heradsstyret og formannskapet, som representant for Høgre.

I 1964 kom han altså til Breckenridge. Her var han skilærar, og tretti år seinare sa han i eit intervju at han hadde vore lærar for rundt 18 000 amerikanarar. 

Før han utvandra var han vorten kjend med Erling Stordahl. Stordahl var mannen bak Riddarrennet, eit skirenn for blinde og svaksynte, og Pedersen overførte denne ideen til USA. Det fyrste Ski for Light-rennet vart arrangert i 1975, så i år fyller arrangementet femti år. For dette arbeidet fekk Pedersen kongeleg heider, og han vart òg invitert til ei mottaking i Det kvite huset, der han møtte dåverande president Gerald Ford.

Pedersen var nært knytt til heimbygda, og var mellom anna med i nemnda som styrte med Utvandrarjubileet i 1986. 

  • Eirik I. Eldøy: «Skilegendene frå Voss til Rocky Mountains».
  • Gamalt frå Voss 2025; Eirik Helleve: «Olav Pedersen – han som hjelpte blinde å sjå».
  • Gamalt frå Voss 2025; Eirik Helleve: Soria Moria, 2025.
  • Artiklar i Hordaland.
  • "Breckenridge, CO: The First Ullr Dag Festival".