Her låg ein av Harald Hårfagres fem kongsgardar som utgjorde kjerna i vestriket, med strategiske utpostar i dei gode gardane på Lygra og Herdla, som høyrde til kongsgodset. Dei første bøkenøttene kan vikingar ha frakta med seg frå England eller Danmark for tusen år sidan. Litt lengre nord ved Lurefjorden ligg Lygragarden, med eit intakt lyngheilandskap i utmarka på Ytre Lygra. Dette menneskeskapte landskapet er ein felles natur- og kulturarv langs atlanterhavskysten frå Biscaya til Lofoten, gjenskapt og skjøtta av Lyngheisenteret på Lygra og heidra av UNESCO.
Det store området som utgjer Lindås kommune i dag, var i tidlegare hundreår delt mellom tre ulike skipreider: Eikanger i aust, Lindås i nord og Olundfit, som i hovudsak omfatta Alversund og Seim. I 1837 vart dei nye kommunegrensene trekte etter prestegjeldsgrensene. Dei to prestegjelda Hamre og Hosanger omfatta områda på begge sider av Osterfjorden. Hamre omfatta også Alversund og Meland kyrkjesokn, medan Hosanger strekte seg heilt frå Seim til Romarheim og Dyrkollbotn. Lindås prestegjeld omfatta då Lindås, Masfjorden, Austrheim og Fedje. I 1879 vart Masfjorden skilt ut som eigen kommune. Det same var tilfelle for Austrheim og Fedje i 1910. Den nye Lindås kommune frå 1964 er ei samanslåing av ei rekkje kommunar og kommunedelar: Lindås, med Titland krins av tidlegare Sæbø kommune på Radøy, heile Alversund, dernest Hamre og Hosanger sine område nord for Osterfjorden, og gardane Dyrkollbotn, Nipa og Eiterdalen som tidlegare høyrde til Modalen. Alversund hadde vore eigen kommune og eige prestegjeld frå 1885, då soknene Alversund og Meland vart skilde frå Hamre og Seim vart skilt frå Hosanger.
Dei vide lyngheiane i dei ytre delane av Lindås er næraste nabo til raffineriet på Mongstad. Båe torvmyrane og dei djuptliggjande oljelaga representerer energiressursar, men i ulike stadium. På nattestid ligg Mongstad som eit soria-moria slott i landskapet – eit av dei største oljeraffineria i Europa. Her vert olje frå norsk sokkel foredla og mellomlagra – til kjeldene er tømde. Sjølve Lurefjorden og Lindåspollane har eit økosystem det knapt finst make til. Her lever det ei sildestamme som kan ha utvikla seg i isolasjon frå omverda sidan istidene tok slutt for om lag 11 000 år sidan.
Frå lynghei til edellauvskog
I store delar av Lindås er dei gamle kystlyngheiene i dag blitt til skogområde med bjørk, furu, osp og hassel. Dei mange granplantefelta medverkar også til at landskapet har skifta karakter. Mykje av skogen i kommunen er derfor ung, trea er for det meste yngre enn førti år. Eldre skog finst óg; i furuskogen vest for Æse og i dei bratte liene kring Husdalsvatnet er det godt vaksne tre. Ein stad der linda trivst, er ved Sollia sør for Dyrdal inst i Austefjorden, der det veks store og gamle lindetre. Langs Osterfjorden, mellom Gjervik og Leknes, er den beste veksestaden. Saman med eik, hassel, alm og ask dannar linda edellauvskogen i området. Sola tek godt i dei sørvende berga, der bergmynte og fleire andre solhungrige artar har funne gode vokstervilkår.
Kommunen har seks område som er verna som sjøfuglreservat, men av desse er det berre Klammersholmen og Grønningane som kan seiast å vera livskraftige i dag. Førekomsten av terner og måsar i skjergarden i Lindås synest å vera sterkt redusert, utan at det er råd å peika på sikre årsaker til dette. Då går det betre for dyrelivet som er knytta til ferskvassvåtmarkene. Det hekkar både storlom og smålom i Lindås, og vadefuglar som enkeltbekkasin, raudstilk og strandsnipe er vanlege mange stader. Jamvel er skogsnipa funnen hekkande her. Dette er dei einaste kjende hekkestadene i fylket og dei vestlegaste i verda.
I Fensfjorden og nordre del av Lurefjorden trivst silanda. Desse fjordbassenga er dei aller viktigaste for denne arten på heile Vestlandet - framfor alt om vinteren. Lindås-sida av Osterfjorden høyrer til dei beste overvintringsstadane for dykkender i heile Sør-Noreg, med særleg store mengder av kvinand, toppand og ærfugl i periodar.
Bergensbogane og Lindåsdekket
Køyrer du langs Osterfjorden, legg du merke til tunnelane og dei høge vegskjeringane. Og gamlevegen, frå tida før tunnelane, er uvanleg svingete. Vegbygging på tvers av bergensbogane er vegbygging på tvers av naturen. Dei store rynkene i landskapet er kompromisslause. Men fer ein nordvestover på Lindåshalvøya følgjer ein berglaga – med mange rette vegstrekningar og færre tunnelar.
Lindåshalvøya femner om den nordlege delen av bergensbogane. Med myndig hand held den nordvest-søraustlege lagdelinga i bogane orden på terrengdraga, med langstrekte og parallelle åsar og dalsøkk, fjordar og vatn. For det meste er det gneisar og omdanna djupbergartar som står i dagen, bergartar som høyrer til det såkalla Lindåsdekkjet - eit svært flak av jordskorpa som vart rive laus og pressa inn over det vestnorske grunnfjellet som ein del av bergensbogane for 450-410 millionar år sidan. Den austlegaste av bergensbogane skil seg ut og har fått eige namn: Store Bergensboge. Mellom anna er Hindenesfjorden graven ut langs denne sona med ”blautare” glimmerrikt fjell frå kambrosilurtida.
Men Lindås er meir enn bergensbogar: I den delen av kommunen som ligg aust for halvøya er det grunnfjellsgneis med nordaustlege drag som rår grunnen. Skiljet mellom bergensbogane med nordvestlige drag og grunnfjellet med nordaustlege drag går langs skardet frå Bjørsvik til Stallbotnen. Skiljet følgjer ei rørslesone knapt uten sidestykke i fylket; langs denne sona har Lindåshalvøya sige ned ei mil i høve til gneisane i aust.
Kontrastane er store i Lindås. I den vidstrakte kommunen skifter landskapet frå fjellvidder og djupe dalar nordaustover mot Masfjorden til store strandflater i nordvest. På Mongstad danna kombinasjonen av flatt lende og ein djup fjord grunnlaget for industrireising. Kommunens beste jordbruk måtte vika for det svarte gullet.
Det er aldri langt til sjø og hav i Lindås. Klimaet, især på halvøya, er då også tydeleg prega av dette geografiske hopehavet. Vintrane er milde, og sommartemperaturen kjem sjeldan over 20 grader. Dessutan kjem havskodda ofte sigande inn frå vest i rolege godversperiodar om sommaren. Innover mot fjella i Masfjorden søkk gjerne temperaturane og her er det også ekstra godt om væte. Normal nedbørmengd i denne delen av kommunen er over 3000 mm i året.