Knute Nelson på Kvilekvål i 1899 (ukjent, VFV16104a, V.F. )

Knute Nelson (no. 3 from right) at Kvilekvål in 1899.

Knute Nelson (nr. 3 frå høgre) på Kvilekvål i 1899. (ukjent, VFV16104a, V.F.)

Kvilekvål

Soga om Knute Nelson er som eit eventyr om Oskeladden. Frå tronge og vanskelege kår i heimlandet arbeidde han seg fram til å verta guvernør og senator i USA.

Knut var fødd i 1842 i stova på Kvilekvål i Evanger. Mora, Ingebjørg var ugift og måtte forsyta guten åleine. Då han var 7 år, lånte ho pengar og tok sonen med seg til Amerika. Trass i vanskar og motgang fekk Knute Nelson, som han no kalla seg, utdanning som jurist, og dreiv som advokat ved sida av farmen. Han vart vald til guvernør i Minnesota i 1892, og til senator i 1895, som den første skandinav. Seinare vart han attvald gong etter gong, og sat i senatet i Washington i 28 år. Han fekk mykje med lovgjevinga å gjera, og var i mange år formann i justisnemnda i kongressen.

Utanfor kongressbygningen i St. Paul, Minnesota er det reist eit stort minnesmerke over Knute Nelson, og likeins står det ei minnestøtte over han på Evanger. Knute Nelson miste aldri interessa for fødelandet sitt og vitja bygda to gonger. Stova der han vart fødd, står enno i god stand.

Kvilekvål med stova der Knute Nelson vart fødd (Svein Nord).

Den første store utvandringsbølgja frå Noreg til Nord-Amerika tok til midt i 1830-åra. Utferdsmålet for storparten var Chicago og landområda kring byen; den første tida Wisconsin. Det var opninga av Eriekanalen som gjorde det mogleg å ta i bruk og kolonisera landet ved dei store sjøane. Dei veldige viddene med god jord var det som drog. Det var då òg bygdefolk med røynsle i jordbruk som mest emigrerte i tida frå 1830-åra og utetter.

 

I denne fasen var mykje vossefolk med. Alt i 1836 fór den første familien, eit ektepar med tre små born. 1843 var det første året då meir enn hundre menneske utvandra frå bygda, og i 1850 var det meir enn 400 menneske som forlet Voss og fór til Amerika.

 

Kven var det som reiste? I alle åra frå 1836 til den nordamerikanske borgarkrigen var det store fleirtalet av utvandrarar frå Voss unge bondefamiliar. Det var ektepar mellom 25 og 45 år med born, og dei var eigarar av eit gardsbruk. Dei skaffa til vegar pengar for reisa og alt som trongst ved å selja garden. Berre i året 1850 var meir enn 50 gardsbruk på handel i vossebygdene. Også i denne tidlege tida var det unge, ugifte menn utan gard som reiste, men dei var enno få. Etter 1850-åra vart dette annleis.

 

I tida frå 1836 til 1914 drog mellom 5000 og 6000 menneske frå Voss til Amerika. På dei 35 åra frå 1801 til 1836 hadde folketalet i bygda stige frå 7036 til 9450 menneske. Trass i krig og naudsår i førstninga førte denne tidbolken til den største folkeauken ein til då hadde sett. Etter alt å dømma ville denne auken ha halde fram den neste mannsalderen, men slik gjekk det ikkje: I 1875-40 år etter – stod folketalet på det same som i 1836; kring 9500 menneske. Folkeoverskotet hadde då fare over Atlanterhavet.

  • Dyrvik, S. & Kolle, N. red. (1986) Eit blidare tilvere? Drivkrefter og motiv i den tidlegaste utvandringa frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Voss.

Sjå også

Andre stader i kommunen