Bolstadøyri kring 1900

Bolstadøyri around the turn of the former century.

Bolstadøyri kring 1900 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 960 (21x27))).

Bolstad

Tettstaden på Bolstadøyri fekk si form kring midten av 1800-talet, men her har det frå gammalt av vore ein møtestad; tingstad og handelsstad. Gjestgjevarstaden går attende til andre halvdel av 1600-talet, og i førre hundreår var Bolstadøyri ein av dei største landhandlarstadene i Nordhordland.

Gjestgjevarbygningen på Bolstadøyri i dag er frå 1830-åra, eit symmetrisk empirehus med valmtak. Den eldste delen skal vera frå 1663. På slutten av 1600-talet slo Nils P. Hjermand seg ned her som gjestgjevar. Han var borgar i Bergen, men hadde ikkje kongeleg bevilling. I 1702 fekk Henrik Weinwick bevilling til å driva som gjestgjevar både på Vossevangen og på Bolstadøyri. Den gamle tingstova ligg like ved gjestgjevarbygningen.

Både vesser og vassvøringar møttest på Øyri når dei skulle på byferd. Tradisjonen fortel at dei skipa «bylag» eller «båtlag» og leigde seg ei ostraskute eller vossaskute. Denne lasta dei med smør og ost og andre varer. Med lagleg vêr kunne eit slikt bylag ro til Bergen på 2-3 dagar; i motvind kunne framreisa ta ei heil veke.

Ved fjorden på Bolstadøyri ligg framleis den gamle postbryggja. Det er planar om å byggja opp att eit sjøhus som stod like ved, for å nya opp att tradisjonen med sjøferdsla til og frå vossebygdene.

Gjestgjevarbygningen (Svein Nord).

Den gamle postvegen mellom Bergen og Oslo, gjekk over Bolstadøyri. Frå Bergen låg vegen over Nattland, om Grimen og Langedalen til Indre Arna og Tunes, så inn i Sørfjorden til Stanghelle, vidare over land til Dalseid og over Bolstadfjorden til Bolstadøyri. Garden Tysso ved Bolstadfjorden var postgard. Når det var utrygg is på fjorden, tok postføraren ruta over Fyresfjellet og til neste postgard, Horvei. I sommarhalvåret gjekk postferdsla inn Evangervatnet, men når det var meinis her, måtte posten ta ein annan veg; frå Horvei, opp den bratte Storestigen, over Bjørgo og Brunborg til Evanger. Begge desse strekningane, Tysso-Horvei og Horvei-Evanger, er i dag fine turvegar.

Frå mellomalderen og fram gjennom hundreåra veit vi at vegen ned dalføret til Evanger, «vossernes dalføre», over Evangervatnet til Bolstad og ut Bolstadfjorden, var den sentrale sjøvegen og byvegen for vossingane. I leidangsskipnaden skulle «Vossaveldi» – vossebygdene og Vassveri – også rusta ut langskip. I eit mellomalderbrev frå 1398 er det nemnt at vossebøndene skulle byggja eit nytt leidangsskip på Bolstad. Kjølen skulle vera 30 alen lang, og kvar mann på Voss som betalte kongen skyld og skatt, skulle vera med og dela utgiftene.

 

Vi skal ikkje heilt avvisa den tanken at leidangsskipa i mellomalderen måtte ha ein opplagsplass nedanfor den grunne Bolstadstraumen, særleg i vinterstider, når Bolstadfjorden fraus til. Då er det nærliggjande å tenkja på vågen ved Skipshelleren.

 

Sjøvegen over Bolstad var også den faste reiseruta for tingreisene. Etter forordninga av 1784 hadde embetsmennene rett på friskyss. Bøndene hadde skyssplikt, som kunne vera til stor plage. Ved den nye skysslova av 1816 vart friskyssen avskaffa, og det vart skipa faste skyssstasjonar. Men alt gjestgjevaren på Bolstadøyri i 1757, Christopher Andersen, informerte futen om at han «maatte holde Skuder og Baade parat for hver kommende og farende ...».

 

Så sentral var denne samferdsla, at då den nye tida kom med dampskip og faste rutetider, vart Bolstad ein av stoppestadene i ruta inn Sørfjorden. Men først måtte Bolstadstraumen gjerast djupare. Fabrikkeigar Johan Jebsen i Ytre Arna sette i 1864 dampskipet Arne i fart mellom Ytre Arna og Bergen, og i 1868 vart ruta lengd inn til Bolstad. I åra fram til Vossebanen vart opna i 1883 var denne dampskipsruta hovudsambandet mellom Bergen og vossebygdene.

 

Seinare vart D/S Voss, bygd i 1870, sett inn i ruta på Bolstad. Evanger fekk også eit dampskip som trafikkerte Evangervatnet: D/S Evanger, bygt i 1877, same året som den nye Arna vart bygd. Denne båten gjekk i mange år i rute på Bolstad. Bygdene langs Osterfjorden fekk båten Osterø i 1880, og Ole Bull Dampskibsselskab sette Ole Bull i fart i 1884 på Sørfjorden og Bolstadfjorden. Seinare vart desse selskapa slegne saman til «Indre Nordhordland Dampbåtlag L/L».

Sjå også

Andre stader i kommunen