Det andre Stalheim hotel

The second Stalheim Hotel

Det andre Stalheim hotel, i Albert Patterson si tid (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 1055(21x27))).

Stalheim

Stalheim ligg mellom Stalheimsfossen og Sivlefossen, i grend med gardane Sivle og Brekke. Den mest sannsynlege forklaringa på namnet er «garden ved Stadall», av «standa, stå», truleg med bakgrunn i den bratte Stalheimskleivi. Garden har lenge vore delt i fleire bruk. Skysskifte har det vore på Stalheim frå mellomalderen, og garden vart postgard i 1647.

Gjestgjevarstova frå skysskiftet står i dag på Stalheim museum. Det første Stalheim Hotel vart bygt i 1885, då hotellmannen Johan Andersen flytta hotelldrifta si frå Vossevangen, der han frå 1883 hadde drive Jernbanehotellet.

Stalheim Hotel vart frå 1888 drive av den svenskfødde hotellmannen Albert Patterson. Han bygde ny stor hotellbygning for nær 200 gjester, med moderne sanitære innretningar og stor stall og vognrom; – «...Under hans kyndige Drift vandt Hotel Stalheim snart et ry, som strakte sig langt ud over Norges Grænser over hele Europa og Amerika, Australien og Indien. I engelske, tyske og franske Reisebeskrivelser over Norge var Nærøydalen og Stalheim Glanspunktet», skreiv F. Scarlett i boka Turistlandet Norge.

Kaare Tønneberg overtok hotellet tidleg i 1930-åra. Han har ytterlegare gjeve Stalheim eit nesten legendarisk omdøme, både nasjonalt og internasjonalt. Etter ein brann i 1959 bygde han opp att hotellet; det femte Stalheim Hotel.

Det er Kaare Tønneberg, eigar av Stalheim Hotel frå tidleg i 1930-åra til etter 1980, som har grunnlagt og bygt opp Stalheim folkemuseum; ei av dei finaste private samlingane i landet. Alt i 1928 byrja han å samla til museet. Siktemålet var å byggja opp eit tun slik det var føre hamskiftet og den moderne tida. Museet er lagt til Fuglahaugen ovanfor riksvegen ved hotellet. Dei fleste husa er tilflytta frå Vossestrand, men fordi Stalheim administrativt høyrde til Sogn heilt til 1773, har det vore naturleg også å flytta nokre sognahus til museet.

 

Samlingane på Stalheim er sjeldsynt innhaldsrike; hus, husbunad og reiskap. Skulestova er tilflytta frå Leiddal på Voss, bygd 1881. Det siste huset som er gjenreist på Stalheim folkemuseum, er Lekveshuset frå Lekve på Voss: eit embetsmannshus frå overgangen mellom barokk og rokokko på 1700-talet. Huset er restaurert til den form det hadde i 1790-åra; eit utsøkt antikvarisk gjenreisingsprosjekt.

  • Ahlman, H. W: son.1919. Geomorphological studies in Norway. Geografiska Annaler 1.

Sjå også

Andre stader i kommunen