Vassendestølen med to fjøs og eitt sel.
Datering
1999.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Vassenden

Stølen Vassenden ligg i nedre enden av Eimhjellevatnet. Tidlegare hadde alle bruka vårstøl her bortsett frå bnr 6 som var på Sørenstøylen, noko lenger oppe i Vassendedalen. Stølinga her tok slutt før 1940. Her er stort sett berre tuftene att.

Tilkomst

Tilkomsten var med båt på Eimhjellevatnet.

Bruk av stølen

Sjå artikkel om Vikastøylen.

Nokre fakta

Eimhjellen, gard nr. 24, Hyen sokn, hadde 7 bruk i 1890. Folketalet på garden var 63 i 1865. I 1900 var talet auka til 67.

  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 267. Sandane 1988.
  • Nils Eimhjellen, Gloppen
  • Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999. 
  • Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997. 
  • Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997. 
  • Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. 
  • Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940. 
  • Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.