Bjørkelostølen med slåttemark.
Datering
1997.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Byrkjelostøylen

Stølen ligg i skogslia under Vora i ei høgd på ca. 330 m o.h., og vart brukt av gard nr. 104, Byrkjelo. Innanfor gjerdet ligg 3 sel og restar etter eit par uthus. Etter måten mykje slåttemark utanfor gjerdet der høyet vart lagra i eigne høylader.

Tilkomst

Lia opp til stølen har til dels store steinblokker. Ystevegen, der kyrne vart jaga, var lengst. Innstevegen var ein snarveg der stølsjentene til del måtte hoppe frå stein til stein. Kring 3 kvarter å gå.

Bruk av stølen

Frå Kjell Råd si bok om stølar i Breim:

Brita Myklebust, fødd 1922, fortel: I min barndom og før den tid var dei først på stølen 14 dagar før jonsok. Deretter var kyrne i heimemarka 14 dagar før vi atter flytta til støls og var der til ut i september. Den første tida kjem eg i hug at vi sila mjølka i askar. Der stod den i 3-4 dagar, så fløyta vi rømmen av og hadde den i rømmeambaren. Den vart så frakta heim på ryggen. Den siste tida bar vi heim mjølka som søtmjølk og separerte den heime på garden.

Det var mykje gras på stølen. Det var eit stort arbeid å slå dette så snart heimeslåtten var over. Her var faste trehesjer som måtte bindast opp før slåtten tok til. Vi hadde eigne løer til å ha høyet i. Om vinteren, med is og snø på Sandalsvatnet, vart høyet køyrt heim og brukt som vinterfor. Det auka med mjølka når kyrne fekk stølshøy.

Stølsdrifta tok slutt kring 1945.

Nokre fakta

Byrkjelo, gard nr. 104, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
  • Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
  • Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
  • Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
  • Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
  • Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.