To sel og to hustomter på den nye Flølostølen.
Datering
1999.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Flølostøylen

I samsvar med jordskifte på Breimsfjellsameiga, avslutta i 1975, fekk Flølo stølsbol i sameiga 2-300 m nordvest for Øvresetstøylen. Der har no to bruk sett opp kvart sitt sel eller hytte. To tomter er klargjort for bygging. For tida er det ikkje aktuelt med fjøs. Den nye stølen er for Flølo, gard nr. 102, og ligg i ei høgd på ca. 720 m o.h.

Tilkomst

I dag er det å bruke bil til Øvresetkrysset eller Utvikfjellet og så vidare ca 3 km rås til stølen. Tidlegare var det å bruke dei tillaga stølsråsene opp gjennom bygda og vidare til fjells.

Bruk av stølen

Det er vanskeleg å finne noko om støling på Flølo, for midt i 1930-åra var dei fleste slutta. I boka til Kjell Råd fortel Aslaug Øvreset, fødd 1920:

Flølo hadde støl saman med oss på Øvresetstøylen. Frå den første tida eg gjekk til støls rundt 1934 hugsa eg Olianna Flølo gjekk til støls på Flølostølen. Ho var då truleg den einaste frå Flølo som gjekk til støls, og ho gjekk ikkje heile sommaren til ende.

I dei gamle landslovene gjekk det fram at alle måtte til støls til nokonlunde fast tid og ikkje vende heim att til heimehagane før utpå hausten. Ingen måtte utnytte heimebeita lenger enn dei andre i grannelaget. Bygdeboka nemner at i 1718 oppstod her strid som enda med at Joranger og Skrøppa stemna dei på Flølo inn på tinget for at dei sistnemnde hadde late krøtera sine gå for lenge i heimehagen. To bruk på Flølo vart då dømde til å bøte 1/2 rdl. kvar i bot for "- sin utidige Fædrift med deres Kreaturer til støls forleden Sommer".

Nokre fakta

Flølo, gard nr. 102, Breim sokn, hadde 6 bruk i 1890.

  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
  • Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
  • Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
  • Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
  • Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941.
  • Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
  • Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

Sjå også