Tilkomst
I dag er det ein km skogsbilveg og 1,5 skogstraktorveg frå riksvegen og opp til stølen. Før vegen kom, var det å bruke føtene opp og ned. Dei hadde òg ein løypestreng frå stølen og ned mot tuna. Til dei gamle stølane var det lenger veg. Til Dalane, som ligg lengst borte, er det kring 5 km i luftlinje, og då kan det nok reknast dobbelt så lang stølsveg.
Bruk av stølen
I stølsoversikta til Instituttet for sammenlignende kulturforskning frå 1930-åra, som er publisert på Digitalarkivet, var dei stølane som er nemnde nedanfor i bruk, bortsett frå dei som låg lengst borte, Trollebotn og Dalane. I tillegg er det nemnt ein støl til, Paljastølen, som vart brukt av bnr. 8 fram til kring 1890. Etter bestemor til Alf Solheim skulle det òg vere restar etter stølar nedlagde før 1880 med namn Gamlestøylen og Seteråsen.
Stølstida var frå jonsok til først i september. Dei bar søtmjølka heim, fram til separatoren kom i 1940-åra. Dei slo både på stølane og slåttene omkring. Om vinteren vart høyet lagt i meiser og rulla heim nedetter lia. Grunnen til at alle stølane vart samla på Bruna i 1950-åra, var at alle brukarane slo seg saman om dobbel løypestreng for transport både opp og ned. Det var eit blodslit, seier Alf Solheim, å bere ved i børatog frå skogsliene og opp til stølane, som for han var Regdarognen. Stølsdrifta tok slutt kring 1966.
I bygdeboka (band III, side 293) har Per Sandal eit oversyn over stølane som vart nytta av bruka på Solheim. Nedanfor ein oversikt over når bruka flytte stølane til den noverande Solheimystøylen.
Bnr. 1 og 2 | Regdarognen | 1950 til Bruna |
Bnr. 3 | Trollebotn (1920 til Hogjen) | 1952 til Bruna |
Bnr. 4 | Rusta (overteke av bnr. 5 og 11) | 1950 til Bruna |
Bnr. 5 | Langelia | 1950 til Bruna |
Bnr. 6 og 7 | Dalane | 1917 til Bruna |
Bnr. 8 og 11 | Langelia bnr. 8 | 1960 til Bruna |
Bnr. 15 | (no overteke av bnr. 19) | 1950 til Bruna |
Nokre fakta
Solheim, gard nr. 25, Hyen sokn, hadde sju bruk i 1890. Det var i alt 70 menneske på Solheim i 1865, medan talet var 67 i 1900.