Tilkomst
Tidlegare var det lang og tung veg for stølsjentene. Dei måtte rekne bortimot 2 timar vanleg gange om Egge, Eggestøylen og vidare mot botnen av dalen. I dag er det lettare med kring 5 km dyrkingsveg opp i Høgredalen og vidare 4 km rås innover dalen.
Bruk av stølen
Nils Ove Gåsemyr fortel at det på stølen var 50-60 dyr (på 1900-talet). I Kjell Råd si bok fortel Maria Gåsemyr, fødd 1908:
Det var fire brukarar som gjekk til støls. Vi rekna med å vere 6 veker på stølen, tre veker i juli og 3 veker i august. Vi var alltid berre to budeier om gongen, tre veker om gongen. Ei tid leigde brukarane ei budeie, Anje Årdal frå Jølster. Ho låg oppe på stølen heile sommaren. Brukarane bar opp mat og anna og reia (kløvja) ned surmjølk og rømme.
Stølinga tok slutt i 1940 åra.
Nokre fakta
Gåsemyr, gard nr. 107, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.