Fjordhestar på godt sommarbeite på Eidestøylen.
Datering
1997
Fotograf
Torgny Ueland
Eigar
Torgny Ueland, Sandane

Eidestøylen

Eidestøylen ligg ca. 500 m o.h., og er brukarane på garden Eide, gard nr. 76, sin støl. Gamle hustufter skal vera frå den tida at garden Evebø også støla her. Stølen har fin grasvoll med skog omkring. Vi kan sjå restar etter steingarden kring stølskvia.

Tilkomst

Stølsråsa går via Kleivedammen og Leirstølen til Eidsstølen, og turen tek minst ein time. I dag har det 4 km skogsbilveg (bomveg) fram mot stølen. Resten er bratt rås om lag 0,5 km opp. Folk på Sandane nyttar denne som turveg heile året.

Bruk av stølen

Gardbrukarane på Eide slutta tidlegare med geiter enn det som var vanleg elles i bygda. Etter bygdeboka har det òg vore smalefjøs på Eidsstølen, i 1890-åra var det tre av dei. Dei vart nytta den tid dei gjette sauene for bjørnen, og kom truleg av bruk før århundreskiftet.

Image
Eidestøylen i bakgrunnen med søndagskledde stølsjenter. Frå venstre: Maria Roti, Astrid Eide, Ågot Råd, Katrine A. Eide, Maria R. Eide og Larsina Eide Lote. I dag er det berre tufter att etter fjøsane på Eidestøylen. Dei åtte sela ligg spreidde, tre av dei ligg utanfor støylskvia.
Datering
1914
Fotograf
Ukjend
Eigar
Kjellaug Flølo, Sandane

Dei reiste til støls kring jonsok og heim att midt i september. Stølsjentene som hadde ansvar for mjølkestellet, gjekk opp om kvelden og ned att etter mjølkinga om morgonen. Fjøsane var nokså store med lem for høyet frå stølskvia. På stølen stod det i eldre tid faste trehesjer. Høyet køyrde dei heim på slede med sloe om vinteren. Det vert elles sagt at fordi Eide låg så nær Sandane, hadde ungdomen så mange attraksjonar at dei ikkje var så interesserte i å gå til støls om helgane. I 1940-åra gjekk det attende med stølsdrifta. Etter 1949 var det slutt med stølsdrift på Eidestøylen, og fjøsane tok til å forfalle.

Image
Stølsjenter på Eidestøylen med rømmeask på bordet. Frå venstre Ågot Råd, Astrid Eide, Maria R. Eide, Katrine A. Eide, Maria Roti og Larsine Eide Lote.
Datering
1914
Fotograf
Ukjend
Eigar
Kjellaug Flølo, Sandane

Nokre fakta

Eide, gard nr. 76, Vereide sokn, hadde åtte bruk i 1890. Det budde 96 menneske på garden i 1865. I 1891 var talet 103.

  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 583. Sandane 1992.
  • Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999. Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997. 
  • Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997. 
  • Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. 
  • Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940. 
  • Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.