Oversikt over Årdalstølen med beitemark.
Datering
1997.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Årdalsstøylen

Stølen ligg opp for Årdalgrenda i ei høgd på ca. 630 m o.h. Den høyrer til gardane Frøystad, gard nr 116, Bogstad, gard nr 117 og Årdal, gard nr 118. Dette er ein stor og romsleg graskledd støl der fjøs og sel er plassert saman for kvart bruk og kvar gard ligg i ei gruppe. Her er 15 sel i god stand og 11 fjøs i nokså bra stand.

Tilkomst

I 1982 vart det bygt ei høgspentlinje over området. Då vart det og bygt ein vel 2 km veg opp til stølen og grunneigarane har vedlikehaldet. No er dette ein bomveg, og frå stølen er merka turløype. Før den tid vart alt frakta på rygg, med reiing (kløvjing) eller med slede. Årdalgrenda fekk ikkje vegutløysing før i 1960 åra. Skulle dei ferdast over land, måtte det bli over stølsområda. På kart over Bergenshus Amt er rås/sti avmerka frå Årdal, går via Årdalsstøylen og til Seimsstøylen der den deler seg i to (til Seime og Råd/Bø i Breimsbygda).

Bruk av stølen

Asbjørn Årdal laga i 1969 ei utgreiing og stølen og drifta. Nedanfor er teke med ein del.

Ein lyt tru at der har vore ei eller annan form for stølsdrift så lenge det har vore buande folk i Årdalen. I Nordfjord tingbok frå 1735 er nemnt ordet "seterveien" for Årdal. Det tilseier at då var her stølsdrift. David Frøystad fødd 1869 laga ei skisse over slik stølen var kring 1870-80-åra. Han fortel: Sela var timbra og utan glas. Senga stod alltid ved døra. På den andre sida var oppmura ein røykomn der røyken gjekk ut gjennom ljoren i mønet. På ljoren var ei møneforma treråme trekt med tunt skinn av kalvemage. Med ei stong kunne du lata ljoren opp og att. På kvar tverrvegg var to firkanta stokkar til å setje mjølkeaskane på. Stokkane tente og som sittebenk og til dels som bord. Seinare kom det små glas i sela og golv. Sela hadde alltid eit utesel med enkel bordkledning til vegger.

Image
Øvre del av Årdalstølen.
Datering
1997.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Årdal hadde både kyr og geiter på stølen, medan dei på Frøystad og Bogstad berre hadde kyrne til fjells. Dei hadde geitene på gardstølane etter jonsok og dei trekte då opp på fjellet for å beite. Om våren hadde dei geitene i Stranda (ved Breimsvatnet). Den vanlege tida å flytta til støls var kring jonsok. Årdalskyrne beita som regel framover fjellet mot Nigardsvatnet og nedover mot fjellgarden som var lagt opp i skogavakse av vandegard (risgard). Frøystadkyrne beita innover mot Botnavatnet og mot Eggedalen. Alle brukarane hadde slåttekvie på fjellet som dei slo dei første dagane i august. Høyet vart lagra på fjøshjellen og det kunne bli 2 - 4 vinterlass retteleg fint smalehøy. Dei bruka i grunnen stølen lenge her. Dei siste brukarane slutta i 1967.

Image
Danseplassen ligg over stølen.
Datering
1997.
Fotograf
Torgny Ueland.
Eigar
Torgny Ueland.

Stølen var også viktig til å vere på når dei fine fiskerike vatna og elvane skulle utnyttast. Her er og store jaktvidder. Dette er sjølvsagt like viktig i dag som det var under naturalhushaldet si tid. Folk reiser gjerne på turar til Årdalsstøylen, ikkje minst no når tilkomsten er så lett. Naturen er storfelt og fin. Du kan få fine turar både i dei lågare fjellområda og på fleire fjelltoppar. Her er og råd å finne mykje bær.

Nokre fakta

Frøystad, gard nr. 116, hadde 5 bruk i 1890. Bogstad, gard nr. 117, hadde og 5 bruk dette året. Årdal, gard nr. 118, hadde 6 bruk i 1890.

  • Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
  • Torgny Ueland, 1999.
  • Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999. 
  • Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997. 
  • Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997. 
  • Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. 
  • Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940. 
  • Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.