The church at Ådland is first mentioned in written sources in 1329. This must have been a stave church, which was replaced by a timbered church in 1652. This year was inscribed above the arch in the chancel of the old church. The “church inspectorate” in 1686 still mention a timbered church at Ådland, but in 1851 this was no longer usable, and a new one was built. This is an interesting type of church which is unlike the many “hall” churches erected after the middle of the 19th century. The building was designed by theologian Andreas Grønning, who also designed the church at Sveio. The church has a somewhat special basilica form, with slanted side naves that give the building almost an eight-sided shape. Nevertheless, we see that this is one of the early neo-gothic churches with pointed arched windows in the nave.
Ådland
Ådland, innermost in the Samnanger Fjord is an old church centre and transport centre; a nodal point in the transport from sea to land. The white painted church standing today, was built in 1851, but there were two older churches here in former centuries.
Ådlands hotell vart bygt midt i 1880-åra, då det kom veg frå Trengereid til Ådland. Gjestene den første tida var helst «landliggere» frå Bergen – anten dei kom med hesteskyss frå Trengereid eller med fjordabåtane. Mange vil elles hugsa hotellet som fast stoppestad for blåbussane med «anledning til forfriskninger». Hotellet vart drive fram til sommaren 1969, og storparten vart rive i 1977.
Kring hundreårsskiftet voks Ådland til eit lite bygdesenter med dampskipsekspedisjon, to landhandlar, bakeri, post og rikstelefon. Det meste vart nedlagt frå 1960-åra og utover. Posten og den siste butikken flytta til Bjørkheim i 1993.
Straks etter at Vossebanen var opna, vart det sett i gang vegarbeid frå Trengereid stasjon til Ådland i Samnanger (1883-1885). Vegen vart ført vidare frå Ådland til Tysse 1893-95, for så å nå fram til Norheimsund i 1906. Mange småbrukarar i Samnanger fann seg kjærkomen attåtnæring på veganlegga, og då Bergen Lysverker tok til med kraftutbygging i Samnanger i 1910, vart det meir arbeid å få. Etter kvart vart samningar å finna på alle slag anleggsarbeid over store delar av Vestlandet og vidare med. Frå å vera ei lita attåtnæring til jordbruket har anleggsarbeid vorte hovudnæring for mange, slik at Samnanger med tida har vorte ein av dei mest typiske anleggsarbeidarkommunane i Hordaland.
Vegen frå Trengereid til Ådland stod ferdig i 1885, og alt året etter vart det skipa skysstasjon på Ådland, med to faste hestar og to reservehestar. For 11 øre kilometeren for kvar hest vart så dei reisande frakta i skysskjerre eller slede den 11 km lange strekninga frå Ådland til jernbanestasjonen på Trengereid.
Skyssen gjekk heile året, og skyssprotokollen, som er ført like fram mot 1910, viser at det år om anna kunne vera opp til 200 turar. Mellom dei flittigaste kundane var fabrikkeigarane ved Samnanger Uldvarefabrik, vegingeniørar og ulike offentlege tenestemenn. Den 26. juni 1892 har Edvard Grieg sett sitt namnetrekk i protokollen. Han trong alle fire skysshestane til følgjet sitt.
Den første bilen prøvde å ta seg fram på vegen i 1909. Men den første bilruta mellom Trengereid og Norheimsund/Øystese var det Tomas K. Aadland som starta i mai 1917 med ein 7-setar Dodge kalesjebil. Seinare kjørte han med to bilar. Fartsgrensa var 25 km/t, men berre 15 km/t gjennom Tysse og i Tokagjelet. Etter kvart kom fleire til som fekk løyve til rutekjøring. Men då vegen over Skuggestranda var ferdigbygd i 1932, og Bergen fekk samanhengande vegsamband med Hardanger, vart konsesjonen på all rutekjøring på strekninga gjeven til det nyskipa Bergen-Hardanger Billag.