Oddny Hollevik var vitne til hendinga
Oddny Hollevik, f. 1918, budde på Stavenes i 1943. Ho hadde ansvaret for drifta på dampskipstoppestaden Stavenes etter at broren Chester Saltskår året før hadde måtta røma til England med familien sin. Ho hadde og tilsyn med den over 90 år gamle Rakel Pettersen. Begge var augevitne til flyhavariet.
I 1993 fortalde ho:
Eg gløymer aldri jonsokaftan 1943. Vi såg flya kome inn ved Alden. Eg måtte hjelpe fru Pettersen ut, for ho ville sjå kva som skjedde med skipa i konvoien og med flya. Medan vi stod på altanen strauk flyet med Hagerup og Meincke forbi huset som ved eit under. Eg trudde først dei hadde køyrt rett i oss, men flygaren greidde å vri maskinen unna. Flyet gjekk så lågt at eg såg beint inn i førarrommet.
Minnestein og minneplate
Dei omkomne flygarane vart gravlagde ved kyrkja i Askvoll. Like etter krigen blei det reist minnestein på gravene deira.
Til 50-års markeringa gjekk forfattar og målar Jørgen Stang, Stongfjorden, i brodden for å få sett opp ei minneplate på staden dei mista livet. Plata vart avduka jonsokafta 1993.
Jørgen Stang laga denne innskrifta:
Dei norske flygarene løytnant Anton Chr. Hagerup, fødd 25.11.1919, og kvartermeister Just Wiide Meincke Finne, fødd 2.10.1920, ved Royal Norwegian Air Force, stasjonert i Storbritannia, fall her på Stavenes den 23.6.1943 i striden for fedreland og fridom. Ære vere deira minne. Frihet og liv er ett. Nordahl Grieg.
Om Anton Hagerup i "Våre falne"
HAGERUP, ANTON CHRISTOPHER, løytnant i Flyvåpenet, Tromsø. Født 25. november 1919 i Tønsberg, s. av kommandør Leif S. T. Hagerup, f. 1880 i Salten, og Doris Sofie Henriette f. Christophersen, f. 1894 i Tønsberg. Artium, Hærens flyskole og krigsskolen. Var kadett i 2. kl. på Krigsskolen til 9. april 1940. Tjenestgjorde som krigsflyger i Nord-Norge under kampene 1940. Reiste jorden rundt og kom til Canada 1941. Gjorde tjeneste som jagerflyger i England fra juni 1941 til september 1942. Var senere fører på Mosquito og deltok i mange operasjoner på norskekysten. Ble skutt ned 23. juni 1943 av luftvernet under angrep på en tysk konvoi ved Stavenes i Sogn. Gravlagt i Askvoll.
Om Just Finne i "Våre falne"
FINNE, JUST WIEDE MEINCKE, navigatør, Lillehammer. Født 2. oktober 1920 i Vang i Hedmark, s. av Johan Thue Finne, f. 1875 i Strinda, og Mathilde f. Skavland, f. 1887 i Mosjøen. Middelskole. Var med i kampene i Norge 1940. Brøt av sin utdannelse til ingeniør ved Stockholm Tekniska Institut våren 1941 og reiste rundt jorden til Canada. Ble utdannet som radiotelegrafist og skytter. Gikk inn i Marinens flyvåpen 1942 og var med på tokter med Catalinafly. Ble utdannet til navigatør og fløy med Mosquitofly på norskekysten til han falt 23. juni 1943 etter et tokt til Norge i kamp med tyske fly ved Atløya, nord for Sognefjorden. Gravlagt i Askvoll.
Norsk skvadron med base i Skottland
Squadron 333 (norsk skvadron) oppretta våren 1943 opererte frå flyplassen Leuchars ved Woodhaven i Skottland. Flight B omfatta 6 jagarbombefly av typen Mosquito. Klokka 10.00 om føremiddagen 23. juni 1943 tok to fly av for å patruljera langs kysten frå Holmengrå fyr og nordover. I det eine flyet var løytnant Hagerup og kvartermeister Finne. Sør for Ytterøya oppdaga dei ein tysk konvoi på tre skip. Leiarskipet såg ut til å vera ein gamal passasjerdampar. Styrken gjekk straks til angrep med Hagerup fyrst. Like over skipa vart flyet hans truffe av luftverneld. Mosquitoen spann rundt 3 gonger og styrta i strandkanten eit kort stykke nordvest for huset til Chester Saltskår.
Hagerup skaut seg ut og tyskarane fann han straks etter i sjøen nær land. Fallskjermen hadde ikkje falda seg skikkeleg ut. Finne vart funnen nokre dagar seinare. Dette var fyrste gongen den norske flystyrken Squadron 333 Flight B mista personell i operativ teneste.
Nedskyting 19.9.1944
Den 19. september 1944 var det og dramatisk ved Stavenes. Ein alliert flystyrke gjekk til åtak på ein konvoi på to skip, Bergenske Dampskibsselskap sitt skip D/S "Lynx" og D/S "Tyrifjord". Eit jagarbombefly av typen Beaufighter vart skote ned og begge flygarane, britane Hossack og Wicks miste livet. Dei gjekk ned med flyet som ligg på ca 100 meters djup.
Minneplate
På 50-års dagen for nedskytinga i 1944 vart det avduka ei minneplate i nærleiken av den andre minneplata. Om lag 20 pesonar var tilstades på avdukingshøgtida. Kjell Ask føretok avdukinga, og han takka engelskmennene for innsatsen deira. Ved sida av minneplata er eit flyvåpenmerke måla av Jørgen Stang.