Nyhendemelding same dag
Firda Folkeblad i Florø melde om forliset same dagen, tysdag 30. desember 1919:
”Nordenfjeldskes ”Orm Jarl” gjekk i natt på grunn ved Alden. Snøggruta ”Neptun” som var der i 7-tidi gjekk inn til båten men freista ikkje aa berga han.”Orm Jarl” støytte tett upp til land … som no er. Bergingsbaaten ”Bratt” gjekk herfrå i denne morgon og skulde til strandingsstaden.»
The SS "Orm Jarl". The Nordenfjeldske (shipping company) ships had a black funnel with a red band bordered by white hoops. In the picture the white hoops are missing, and the picture is probably from the time when the boat was Swedish, between 1888 and 1913.
Alt på det uvisse ei veke seinare
Den same avisa melde fire dagar seinare at skipet stod på grunn like til midtskips. Bergingsbåtane "Achilles" og "Herkules" frå Norsk Bjergnings-Kompagni var komne fram og hadde arbeidd med båten, men hadde måtta avbryta arbeidet på grunn av uvêr. Bergingsbåtane og mannskapet på "Orm Jarl" hadde reist inn til Hindøya. Havaristen låg utsett til og det var uvisst korleis det ville gå.
Brotna i to
Det gjekk gale. Storm og uvêr frå nordvest og nord i januar 1920 herja etter kvart stygt med skipet. Den 8. januar melde Fjordenes Blad på Nordfjordeid at skipet var fylt med vatn med unntak av framrommet. Dei frykta skipet ville enda opp som totalvrak. Og kort tid etter kunne Nordre Bergenhus Amtstidende i Florø melda at skipet hadde brotna i to og at bergingsselskapet hadde gitt opp bergingsarbeidet.
Uvêr stogga bergingsarbeidet
Malvin Toft har skrive om forliset i boka Havet tok, mellom anna med sjøforklaringa som kjelde. Han fortel at "Orm Jarl" grunnstøytte 30.12., like etter klokka 02.00 om natta. Kapteinen ga straks ordre om å svinga ut livbåtane for at dei skulle vera klare til bruk. Freistnader på å få skipet av ved å bakka for full maskin, var nyttelaust. I halv firetida gjekk ein av losane saman med styrmannen og fire av mannskapet i ein livbåt for å varsla og tilkalla hjelp. Dei brukte fem timar på å koma seg inn til Værlandet og var ute att ved middagstid.
Bergingsarbeidet kom snøgt i gang. Mannskapet tok til med å lossa kislasta, fyrst rett i havet, seinare i to lektarar bergingsbåtane kom med. Bergingsbåtane fekk kraftige lensepumper i sving. Utkvilde folk frå land kom óg på staden og hjelpte til.
- Alt såg lovande ut, fortel Malvin Toft, men så kom fæle uvêr, og heile bergingsaksjonen måtte innstillast. Heldigvis gjekk det ikkje med menneskeliv.
Avisnotis om berga last
483 kassar hermetikk vart redusert til halv verdi, 10 sekker sildemjøl var i så "slet forfatning" at partiet snarast råd måtte avhendast som gjødning, eit parti tørrfisk var uskadd, tre kassar trikotasje var noko skadd, medan to kassar skotøy var like gode.
Nordenfjeldske
D/S "Orm Jarl" tilhøyrde reiarlaget Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) som hadde hovudkontor i Trondheim. Nordenfjeldske vart skipa i 1857, og dreiv kystrutefart, mellom anna som deltakar i Hurtigruta. I 1940 hadde Nordenfjeldske 25 skip, men halvparten gjekk ned under krigen.
Nordenfjeldske brukte i alle år kongelege namn og jarle-namn på skipa sine. Hurtigeruteskipa deira etter krigen var "Erling Jarl" (1949), "Håkon Jarl" (1952), "Ragnvald Jarl" (1956), "Harald Jarl" (1960).
D/S "Orm Jarl"
D/S "Orm Jarl", ex. "Hamburg" vart levert til eit svensk reiarlag i 1888 frå William Daxford (et) Sons, Sunderland, England. Skipet var 799 brutto registertonn og hadde namnet "Hamburg". Nordenfjeldske kjøpte skipet 12. februar 1913 for 125 000 kroner. "Orm Jarl" gjekk på grunn 30.12.1919 og vart totalvrak.
Jarl - styresmann
Ordet jarl er det same som det engelske earl og tyder opphavleg hovding, fornem mann. I den eldre Edda (gamle norrøne kvad) er jarl nytta om høgætta mann, men seinare brukt som tittel på styresmann over større område. Tittelen jarl var oftast brukt om dei fremste embetsmenn under kongen.