Veg Askvoll-Selvik
The road also meant much to the isolated communities on the south side of the Førdefjord. The mayor of Førde at the time, Helge Barstad, contended during the opening ceremony that the south side of the Førdefjorden would have become a depopulation area without "Folkelånsvegen". In the picture, the road from Hestvik (Askvoll) toward Heilevang (Førde).
I 1946 kom det veg til Stongfjorden. På 1960-talet kom det veg på strekninga Stongfjord-Vågane-Flokenes-Selvik. Det vart etter kvart eit ønskje om å få samanhengjande veg vidare frå Stongfjorden inn Førdefjorden, slik at Askvoll fekk vegsamband med Førde.
Med i fylket sin prioriteringsplan
Då kommunereguleringsvegen Øygard-Ulltang i Førde vart opna i desember 1972, var det med på å aktualisera ei vidareføring av veg til Askvoll. I prioriteringsplanen for fylkesveganlegg frå 1967 vart strekninga Slevik-Hestvik-Førde grense i Askvoll kommune, ført opp med løyvingar for 1973-77. Øygard-Heilevang-Askvoll grense i Førde kommune vart oppført med løyvingar for 1978-82. Vegen ville gi vegutløysing for krinsane Heilevang og Mulen i Førde og var viktig for grendene nordaust i Askvoll kommune. Det var stor semje i Askvoll om at ei vidareføring av vegen austover med samband til Førde ville få mykje å seia for oppretthalding og utvikling av næringsliv og busetnad for heile Askvoll-halvøya, medan dei venta på riksvegutløysing på nordsida av Dalsfjorden med Dalsfjordbrua.
Forskotteringsplan
Både Askvoll og Førde kommunar arbeidde for å løysa finansieringa. Planen gjekk ut på å byggja vegen for distriktsutbyggingsmidlar, ekstraordinære sysselsettingmidlar, ordinære vegløyvingar over fylkesvegbudsjettet og private lån. I februar 1976 gav Kommunal og arbeidsdepartementet løyve til at kommunane kunne ta opp eit aksjelån på inntil 5 mill. kroner til forskottering av anlegget. Lånet vart basert på privat låneteikning. Vegen vart difor kalla "Folkelånsvegen".
Initiativ og pågangsmot
Ideen til å finansiera delar av vegen med aksjar kom frå dåverande ordførar Kåre Ness og Anders Sølvberg, kontor- og tiltakssjef i Askvoll kommune. Kåre Ness var banksjef i kommunen. Ideen fekk brei støtte i Askvoll. Det er stor semje om at utan den store innsatsen til bygdefolket ville vegen truleg aldri ha komme. 250 privatpersonar teikna seg for til saman 3 mill. kroner i lån. Kommunane Askvoll og Førde tok og opp 3 mill. kroner.
Offentleg støtte
Etter mange Oslo-turar fekk dei distriktsutbyggingsmidlar og sysselsettingsmidlar. Det lokale initiativet og den store interessa blant bygdefolk, både i Askvoll og Førde, gjorde sitt til at fylkestinget under tvil tok Folkelånsvegen med i vegplanen og løyvde 11 mill. kroner. Staten løyvde 9 mill. kroner.
Frå fylkesveg til riksveg
Den vel 16 km lange Folkelånsvegen, frå Øygard i Førde, gjennom Solheimsdalen til Selvik i Askvoll, kosta 26, 1 mill. kroner. Vegen var på eit tidleg stadium kalkulert til å kosta 7 mill. kroner. Både Førde og Askvoll kommunar vedtok i 1970 og 1972 å søkja om at den planlagde vegen vart klassifisert som fylkesveganlegg. Fylkestinget vedtok dette i 1973. I 1984 fekk vegen riksvegstatus, som ein del av riksveg 609.
Anleggsarbeidet
I mars 1975 byrja anleggsarbeidet på Øygard. Vegvesenet starta med å byggja bru over elva mellom Karstadvatnet og Øygardsvatnet. Vinteren 1977 kunne ein køyra fram til Heilevang. I oktober 1977 byrja anleggsdrifta frå Hestvik. Den siste parsellen var ny veg på strekninga Ulveskaret-Løvik-Hestvik, som var ferdig i 1980.
Opning
Vegen opna for trafikk 6. juli 1979, og vart offisielt opna 3. oktober året etter.