Gammal kyrkjestad
På eit høgdedrag på sørvestsida av Atløy, med utsyn mot havet, står Vilnes kyrkje omkransa av gravminne. Kyrkjestaden er visseleg svært gammal, utan at nokon kan seie den rette alderen. Etter terrengforma er det nærliggjande å tru at haugen der kyrkja står, frå gammalt av var hovstaden på Vilnes. Ute på kyrkjegarden står ein steinkross som i forma minner om Olavskrossen på Svanøy. Krossen er bandet bakover i tida, kanskje like til dei fyrste kristne kongane og dei kristne samlingsstadene frå tida før kyrkjene vart bygde.
The characteristic church is today a 'sokn' church for those who live on the island of Atløy. Throughout all these years the church building has also served an important function as a landmark for seafarers.
Presten var byggherre
Vilnes kyrkje er ei vakker, klassisk tømmerkyrkje frå 1600-talet, men var langtfrå så innbydande den gongen ho var ny, som ho er i dag. Kyrkjebygginga etter brannen i 1673 skal ha gått føre seg i eit heller raskt tempo, under leiing av sokneprest Otthe Jonassøn som tok på seg å vere byggmeister. Mannen mangla nok den praktiske kunnskapen som skulle til, og dessutan streva han med finansieringa.
Kyrkja var langt frå ferdig det året ho vart vigsla, og presten fekk ikkje skikkeleg orden på bygningen så lenge han levde. Av synfaringa i 1686 går det fram at det var ein seinare kapellan, Hans Falch, som for eiga rekning ordna med nytt tak på sørsida av koret då det vart øydelagt.
Ny kyrkje eller restaurering?
Gjennom alle år var gudshuset ein kald og trekkfull samlingsstad. I 1817 noterte sokneprest Heiberg i kyrkjeboka at då han fyrste søndag etter påske var på Vilnes, kunne han ikkje halda gudsteneste, då det var svært få folk og kyrkja var driven full av snø. På alteret låg det minst tre tommar snø.
Like fullt kom dei reisande frå øyane om kring, frå Folkestad på sørsida av Vilnesfjorden, og frå store delar av Solund. Slik heldt kyrkjegangen fram i nye 100 år, trass i at misnøya med kyrkja var stor. I mellomkrigstida var det snakk om å byggje ny kyrkje. Det var truleg Rasmus Håskoll, sokneprest i Askvoll 1939-1949, som hindra desse planane. Soknepresten markerte seg raskt som motstandar av riving og nybygg då han kom til Askvoll i 1939. Han ville ta vare på det gamle og tradisjonsrike. Etter andre verdskrigen starta planlegginga av eit omfattande restaureringsarbeid. Arkitekt Johan Lindstrøm laga planane, men døydde før arbeidet var fullført. Det var sonen Claus Lindstrøm som fullførte arbeidet.
Restaureringa i 1950-åra
Restaureringa gjekk føre seg utover på 1950-talet. Det vart lagt nytt tak og utført eit stort isoleringsarbeid både i tak, vegger og golv. På nordsida av koret vart det bygt til dåps- og prestesakristi og eit lite orgelrom. Orgelrommet var i bruk ei tid, men verken organisten eller kyrkjelyden var nøgde med løysinga. Musikken nådde ikkje godt nok ut i kyrkjerommet. Orgelet fekk i staden plass på sørsida i koret. Kyrkja fekk også nytt alter, alterring og stolar, og kanskje viktigast av alt, det vart installert lys og varme.
The pulpit from 1675 is made by Henrich von Wollum in a baroque style. It has the following inscription: 'To the honour of God this pulpit has been donated by Hindrich von Wolst on the island of Hindøen (Hindøya) and by Anne Søfrensdatter Vissing Anno 1675.'
I privat eige til 1903
Den gamle stilen i Vilnes-kyrkja er godt ivareteken. Både som byggverk og i utsmykkinga er ho verkeleg ei kulturperle. Interiøret er mykje i trekvitt, med unnatak av det gamle inventaret og dei innebygde kyrkjebenkene som er måla i raudt og grønt (dørene). På høgre sida i skipet står Korssundstolen, sjølve herrestolen i kyrkja. Han er frå 1730-talet, då både Vilnes kyrkje, Askvoll kyrkje og Bue kapell vart selde til gjestgjevaren i Korssund. Alle gjestgjevarane hadde sin faste stol framme i kyrkja som markerte kva rang dei hadde framfor resten av kyrkjelyden. Kyrkja var i perioden frå 1815 til 1903 eigd av væreigarane i Bulandet, og såleis var det desse som hadde retten til å sitje i stasstolen. I januar 1903 vart ho kjøpt tilbake av soknet for 5760 kr.
From the interior of the church facing the chancel with the altar and the altarpiece. The altarpiece from 1950 is made by Kåre Martinsen. It was placed on the altar from 1950 to 1977, but now hangs on a side wall in the chancel. The pew doors are painted in red and green. On the right-hand side of the chancel is the so-called Korssund chair, the very master chair in the church.
Fremst på nordsida i skipet står Vilnesstolen, som vart nytta av bonden på Vilnes. Skiljet mellom skip og kor er markert med ein kraftig vegg der den midtre delen er traleverk. Sjølve bogen opp i takkvelvingen er open. Korskiljet og takkvelvingen er også trekvite.
The hymn board from 1775 is one of the few hymn boards which have been preserved from our old churches. The hymn board is made in a rococo style and is both extraordinary and practical. It is furnished with wall lamps as in the mirror lamps from the rococo period.
Altertavla
Altertavla, laga i 1977, er ein kopi av den gamle alterfrontalen. Originalen frå kring 1250 er no i Oldsaksamlinga i Oslo, og skil seg ut ved å vere både utskoren i tre og måla. Utskorne alterfrontalar av tre er svært sjeldne. Førebiletet har nok vore det såkalla romanske gyldne alter der figurane var utforma i relieff av driven kopar.
Det var ei tid uvisst kvar alterfrontalen var blitt av. Sokneprest Håskoll klarte å oppspore han på Oldsaksamlinga på Universitetet i Oslo. Fyrst etter 1945 vart han utstilt der. Det vart samtidig drøfta å lage ein kopi. Håskoll meinte at dersom det vart tilført Vilnes kyrkje ein kopi av antemensalet, så burde det ikkje stå på alteret som før, det burde vera alterbordframsida. På alteret kunne det enten vera eit stort krusifiks eller ei måla altertavla.
Kopien vart ikkje laga før Ingebjørn Rossavik, sokneprest i Askvoll 1972-1978, tok eit nytt initiativ. Ein trekvit kopi, skoren av Oddvin Parr frå Hellesylt, kom på plass 20. august 1977. Universitetet i Oslo sa seg villig til å måle kopien, slik som originalen er, men dette er ikkje gjort.
Alterfrontalen syner Kristus og dei tolv apostlane. I midtfeltet tronar Kristus med jorda som fotskammel, plassert i ein mandorla (mandelforma glorie). I kvart hjørne er evangelist-symbola: Ørna (Johannes), menneske med venger (Matteus), okse med venger (Lukas) og løve med venger (Markus). Frå oldkyrkja har desse symbola vorte knytt til det som er sagt om dei fire livsvesena i Johannes openberring 4,6-8. Av dei tolv apostlane kan berre Peter med nøkkel oppe til venstre, og Paulus med sverd, oppe til høgre, identifiserast.
The altarpiece is a copy of the old altar front. The original from about 1250 is now exhibited at the University Museum of Antiquities in Oslo. The copy, made by Oddvin Parr, was placed in the church on 20 August, 1977.