Slik ser stamvegen mellom Aurland og Flåm ut. Brua og tunnelen gjennom Fretheimshaugane skånar det sårbare miljøet i Flåm sentrum.
Datering
1990
Fotograf
Olav Handeland
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Stamvegen E16 gjennom Aurland

Stortingsvedtaket frå 1975 stadfesta at stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå over Filefjell og Lærdal. Første byggjesteg var Hordaland grense-Aurland. Mellom 1980 til 1993 vart det til saman bygd rundt 40 km ny veg, inkludert 18456 m tunnel. Med i stamvegprosjektet var og vegutløysing til det vesle bygdesamfunnet Undredal.

Flåm-Langhuso med Flenjatunnelen

I 1980 starta arbeidet med den første tunnelen, den 5040 m lange Flenjatunnelen mellom Flåm og Langhuso. I 1981 byrja tunneldrivinga. Gjennomslaget var 26. juni 1984, kl 12.00, og vegen vart opna for trafikk i 1986.

Image
Sogn og Fjordane fylke har mange og etter kvart lange tunnelar. Kravet til anleggsutstyr vart etter kvart aukande og utstyret meir spesialisert. Før 1960-åra var det vanleg med handhalde boreutstyr. Så kom boreriggar med mobile arbeidsplattformar, deretter luftriggar, og på slutten av 1970-talet kom hydrauliske boremaskiner. Før 1955 greidde dei å bora rundt 3 m per veke. Etter 1977 er det gjennomsnittleg drive 50 m i veka. Effektivt boreutstyr er ein nøkkel til god drift og mindre kostnader.
Datering
Ukjend
Fotograf
Olav Handeland
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Gammalt vegkrav

Veg til Undredal har vore på papiret sidan 1907. Vegutløysing vart teke opp i 1921, og i vegplanen frå 1940 var vegutløysinga kostnadsrekna til kr 650.000, for 13 km veg langs fjorden til Flåm. I 1955 vedtok fylkestinget å byggja veg til Undredal for å skaffa isfri hamn til Flåmsbana. Arbeidet vart sett i gang, og det vart nytta om lag ein halv mill. kroner før anlegget stogga. Vegstubbane langs fjorden kan ein sjå i dag. Då Aurlandsvassdraget skulle byggjast ut vart det ny optimisme. Som konsesjonskrav ville Aurland kommune at Oslo Lysverker skulle forskottera 15 mill. kroner til veg langs fjorden. Dei fekk ikkje gjennomslag for kravet.

Undredal får veg

I stamvegvedtaket frå 1975, vart det lagt inn vegutløysing til Undredal. Arbeidet kom i gang etter at det i 1984 var gjennomslag i Flenjatunnelen. 16. april 1988 var det offisiell opning av den 6 km lange fylkesveg 601. Ein veglaus del av Aurland kommune fekk no nye utsikter til utvikling. Plutseleg vart Undredal ein sentral del av eit landfast samband til både Oslo og Bergen.

Gudvangatunnelen

Neste byggjesteg på stamvegen var Gudvangatunnelen. Med sine 11,4 km vart tunnelen den lengste vegtunnelen i Noreg og den femte lengste i verda (fram til Lærdalstunnelen på 24,5 km opna i 2000). Gjennomslaget i Gudvangatunnelen kom 7. september 1990, seks år etter arbeidsstart. Vegen opna for trafikk 17. desember 1991. Den offisielle opninga var 27. mai 1992.

Image
Her tenner vegdirektør Eskild Jensen lunta for siste salve på den gong Noregs lengste vegtunnel. Gudvangatunnelen hadde gjennomslag 7. september 1990, seks år etter arbeidsstart. Vegdirektøren får hjelp av tunnelbas Per Lunde (th) og tunnelarbeidar Bjørn Akse (tv).
Datering
1988
Fotograf
Olav Handeland
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Skjerpa krav til arbeidsmiljø

Dei stadig lenger tunnelane gjorde drivinga vanskeleg når det gjaldt ventilasjon. Skyteproppen med farlege gassar etter sprenging var ei stor miljøbelasting. Arbeidstilsynet gav pålegg om innføring av spesielle tiltak til vern mot gassane. SINTEF fekk i oppdrag å vurdera nye ventilasjonstekniske prinsipp i form av sugande/blåsande ventilasjon for å eliminera helserisikoen og siktvanskane som er knytt til skytegassane. Forsøk med sikte på fullskalaforsøk vart sett i gang hausten 1985 i Gudvangatunnelen, med økonomisk støtte frå Vegdirektoratet, Entreprenørenes landssammenslutning og Statkraft.

Mellombels stamveg over Aurland-Hol

Statsråd Kjell Opseth fekk i 1991 gjennomslag i Stortinget for at det ikkje skulle satsast på Aurland-Hol, men at stamvegen skulle førast vidare til Lærdal. Men til ein hadde fått veg til Lærdal måtte stamvegtrafikken gå over Aurland-Hol. Trass i ein svært dårleg vegstandard gav Aurland-Hol eit ferjefritt samband mellom Oslo og Bergen. Den dårleg vegstandarden gjorde det naudsynt med utbetringar sjølv om Stortinget hadde vedteke å gjera minst mogleg med vegen. Kjell Opseth fekk mykje kritikk for avgjerda si, og medieinteressa var stor.

Flaskehalsen Låvisberget

Spesielt var tilhøva i Låvisberget vanskeleg. Her var det rett og slett 6 km eittfelts veg, og fem tunnelar med eit tverrsnitt som gjorde det vanskeleg for tunge køyretøy å møtast. Stigninga var dessutan stor, 1:11. Då stamvegen opna måtte ein til med lysregulering i Låvisberget. I 1992 var årsdøgntrafikken 200 køyretøy. Det auka raskt til 380 i april same året. Det toppa seg i påska med 2500 køyretøy 2. påskedag. Dette kaoset kunne ikkje halde fram, og fleire av dei verste flaskehalsane vart fjerna slik at lysreguleringa kunne flyttast lenger ned. Då vart den regulerte strekninga så kort at det vart akseptable ventetider for trafikantane.

Fakta om stamvegen Hordaland grense-Aurland

Heile prosjektet frå Hordaland grense til Aurland kosta 640 mill. kroner (1992 kr.) Det innebar:
- Hordaland grense-Gudvangen: 7,8 km veg vart forsterka og ombygd til stamvegstandard med to køyrefelt på 3,5 m.
- Gudvangatunnelen: 11406 m.
- Flenjatunnelen: 5040 m.
- Veg til Undredal (1984-88): 6,7 km.
- Flåm sentrum: 2,6 km veg.
Gjennomgangstrafikken vart ført i ein 1360 m lang tunnel bak sentrum og nærmiljøet vart spart for trafikken. (1993).
- Fossheim-Otternes (1989-91): 5 km veg, inkludert Onstadtunnelen på 650 m.

Image
Gjennomslaget i Flenjatunnelen var 26. juni 1984. Drivinga av den 5040 m lange tunnelen tok til i 1981 frå Flåm. Tunnelen var drive frå ei side. Det var første steget på veg til vegutløysing for Undredal, der tunnelen enda.
Datering
1984
Fotograf
Olav Handeland
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Stamvegen i Hordaland

Også i Hordaland skjedde det fleire utbetringar fram til 1991. Gjennom Stalheimskleiva vart det bygd to tunnelar, og strekninga Trengereid-Dale-Bulken vart ombygd. Utbetringane held fram, mellom anna ombygging av gamle tunnelar ved Dale.

  • Handeland, Olav: Gjennomslag i Flenjatunnelen. I Vegstubben, s. 17-25, nr. 1-1984.
  • Handeland, Olav: Vegopning i Undredal. I Vegstubben, s. 18-22, nr. 2-1988.
  • Handeland, Olav: Tunnelgjennomslag på stamvegen Bergen-Oslo. I Vegstubben, s. 6-8, nr. 3-1990.
  • Ese, Kristin: Stamvegen Bergen-Oslo i dag! I Vegstubben, s. 8-10, nr. 4-1991.
  • Nilsen, Geir: Stor trafikk på 'stamvegen'. I Vegstubben, s. 17, nr. 2-1992.
  • Nilsen, Geir: Lysregulering i Låvisberget. I Vegstubben, s. 27-18, nr. 1-1992.
  • Handeland, Olav: Heilårs ferjefritt vegsamband mellom Oslo og Bergen offisielt opna. I Vegstubben, s. 10-15, nr. 3-1992.