SS «St. Sunniva» - verdas første spesialbygde cruiseskip i Gudvangen
Sommaren 1892 ankra SS «St. Sunniva» opp i Gudvangen. Skipet var det første i verda bygd som cruise-skip. På stader båten ikkje kunne leggja til kai, blei passasjerane frakta til og frå med eigen dampdriven småbåt. Og det var det vesle skotske rederiet med det lange namnet The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company som stod bak. I åra 1887-1908 var «St. Sunniva» fast sommargjest på Vestlandet. I 1892 stod det ei reiseskildring frå ein av turane, i ei australsk avis.
Reisemål Gudvangen
«St. Sunniva» er med på eit bilete i Mike Bent si bok Coastal Express The ferry to the top of the world. Motivet er frå Gudvangen. Truleg er det attgjeving av eit postkort. På land står fullt med folk og eit tjue tals karjolar. Ute på fjorden ligg tre passasjerskip for anker. To er Bergenske Dampskibsselskab sine, det eine «Vega» (nærast), det andre enten «Mira» eller «Neptun». Det tredje skipet er «St. Sunniva». Lettbåtar fraktar folk til og frå. Inne ved kaia skimtar vi skorsteinen av den dampdrivne landgangsbåten til «St. Sunniva». Biletet viser Gudvangen rundt århundreskiftet 1800/1900, ein travel dag med besøk av ikkje mindre enn tre turistskip.
Image
«St.Sunniva» (I), spesialbygd for cruise-fart 1887 Skottland-Noreg. Ombygd for vanleg rutefart Skottland-Orknøyane-Shetland etter at The North Company la ned cruise-farten i 1908. (I boka The story of The North of Scotland, Orkney & Shetland Shhipping Company.)
Datering
1886-1908
Fotograf
Ukjend
Eigar
Ferry Publications
“med eget Dampskib»
Den 22. juni 1886 hadde Fjordenes Blad, Nordfjordeid, ei notis om sterkt aukande turistferdsle på Voss. Avisa hadde Søndre Bergenhus Amtstidende (Voss) som kjelde. - Turistar kjem i heile karavanar frå Eide (Granvin) og Gudvangen, og jernbanen (Vossebanen opna 1883) «bringer os Engelskmænd i Hundrevis ad Gangen».
«Turiststrømmen over Voss voxer stadig (…), hele Karavaner af Reisende ankommer snart frå Eide [Granvin], snart over Gudvangen, foruden at jernbanen bringer os Engelskmænd i hundrevis ad Gangen. Med Aftentoget igaar ankom saaledes 125 Personer i et Følge, der imorges fortsatte Turen til Gudvangen hvorfra de med eget Dampskib ut Sognefjorden gik nordover.»
Notisen har ikkje med namnet på det ventande dampskipet. Det har derimot ei reiseskildring i den australske avisa Launcestone Examiner, 6. august 1892.
Image
Utsnitt av reiseskildring sommaren 1892 i den australske avisa Louncestone Examiner, Tasmania.
Datering
1892
Fotograf
faksimile
Reiste med "St. Sunniva"
Ein ikkje namngjeven turist frå Tasmania fortel om ei reise med «the steam yacht St. Sunniva», eit vakkert fartøy på om lag 1000 tonn, med god kaptein, godt mannskap og hyggjelege medpassasjerar. Eit reisefølgje reiste med tog frå Bergen til Voss der dei overnatta på «a nice hotel.» Neste dag reiste turistane til Gudvangen.
«Next day a journey of 30 miles to Gundvangen was made in a carrioles. Here the yacht awaited under the second largest waterfall in the world. 1500 ft; most glorious. Words can give no idea of the grandeur of the Naerodale Pass, the finest in Europe, seven miles long, between majestetic mountains, nearly perpendicular, between two of which Tears Falls descend. One is drenched with spray. After many turnings and windings at last you stand below that splendid fall, looking up from the depth to those giants mountains, through green hazel and rowan bushes, and a feeling of deep peace and thankfulness steals over the spirit.”
Eit lite reiarlag satsa stort på cruisefart
The North Company (kortversjon av The North of Scotland & Orkney & Shetland Navigation Company) trafikkerte Nord Skottland-Orknøyane-Shetland. I 1883 auka rederiet flåten sin med nybygde «St. Rognvald», eit skip på vel 1000 tonn, og med dette skipet innleia The North Company cruisefart Skottland-Noreg. Første cruise til Bergen og Vestlandet med avgang frå byane Leith og Aberdeen, 24 juli 1886, vart ein dundrande suksess. Oppskrifta var fastsett rute, kort varighet og etter måten rimeleg billett. Reiarlaget følgde opp med to turar til, same sommaren. Men ikkje berre det, vesle North Company kontraherte eitt spesialbygd skip for cruisefart for levering til sesongen 1887. Somme stader står det at dette var verdas første skip bygd for cruisefart, andre stader at det var eit av verdas første.
“St. Sunniva”
Skipet fekk namnet “St. Sunniva”. Nettstaden Ships nostalgia har desse sespifikasjonane:
Type: Cruise Ship North Company service: 1887-1930 Builders: Hall Russell & Co Ltd Yard: Aberdeen First voyage: 26 May 1887 Gross tonnage: 960 tons Net tonnage: 437 tons Length: 236 feet Breadth: 30 feet Depth: 22 feet Hull: Iron Engines: Triple expansion steam reciprocating Power: 141 kW at 96 rpm Propulsion: single screw Speed: 15.5 knots Maximum passenger accommodation: 142
Image
Biletet står i boka Passage to the Northern Isles (..) (2010) med følgjande bilettekst: «The first purpose-built cruise vessel was the «St. Sunniva” (1). She is her in the Norwegian Fjords (Ferry Publications Library)”. Legg merke til skipet sin dampdrivne landgangsbåt i framgrunnen.
Datering
1886-1908
Fotograf
Ukjend
Eigar
Ferry Publications Library
Avvikla i 1908
Boka Passage to the Northern Isles (..) (2010) handlar om rutetrafikken mellom Nord-Skottland og øygruppene Orknøyane og Shetland. Her står det om cruisefarten The North Company tok til med i 1886, først med ruteskipet «St. Rognvald», og frå 1887 med spesialbygde «St. Sunniva». Utanom cruise Bergen – Trondheim, hadde reiarlaget også turar til Nordkapp. Raskt aukande konkurranse frå større reiarlag, både norske, britiske og tyske, gjorde at The North Company avvikla cruisefarten på Norge i 1908.
Lite i norske trykte kjelder
Eit kort og avgrensa leiteprosjekt etter North Company og «St. Sunniva» i cruisefart på Norge gav magert resultat. Ikkje eit ord i bygdebøker for Aurland, heller ikkje i jubileumsbøker for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Det Bergenske Dampskibsselskab. Dei einaste funna var eit bilethefte utgjeve på Beyer, Bergen, i 1905 og eit par setningar i jubileumsheftet «1884-1984 Alexandra. Eit familiehotell – alltid i takt med tida» (1984):
«S/S «St. Rognvald» som tilhøyrde reiarlaget Nord-Skottland, Orkenøyane og Shetland Steam Navigation Company, gjorde første turane til fjordane på Vestlandet i 1886. Dette selskapet hadde hovudkontoret i Aberdeen.» (…) «S/S «St. Rognvald» gjekk til Hardanger, Sogn og Romsdal første gongen i 1886.»
Image
Postkort frå ca 1900 som viser karjol med hest, ein passasjer og skyssgut. Biletet er frå Stalheim Hotel med utsyn mot Nærøydalen.
Datering
ca 1900
Fotograf
GKA
Eigar
Hermund Kleppa
Passage to the Northern Isles: Ferry Services to Orkney and Shetland 1790-2010. Miles Cowsill and Colin Smith. 2010.
Harvey, Charles, W.: 1884-1984. Alexandra. Eit familiehotell - alltid i takt med tida. 1984.