Slaget på Fitjar, teikna av Erik Werenskiold

The Battle of Fitjar from Erik Werenskiold pen

Slaget på Fitjar i Erik Werenskiolds strek, kongen med svart hatt over gullhjelmen (frå: Noregs kongesoger).

Fitjar - kongsgarden

Framfor Fitjarkyrkja står ein minnestein, hoggen av Anne Grimdalen og reist i 1961 til tusenårsminnet for ei av dei mest dramatiske hendingane i Noregssoga - slaget på Fitjar. Her ein stad var det at Noregs konge, Håkon den gode, fekk banesår i striden mot Eirikssønene, truleg i året 961.

Håkon Adalsteinsfostre (Håkon den gode) var i veitsle på kongsgarden på Fitjar med hirda si og heldt gjestebod med bøndene då brorsønene hans, Eirikssønene, gjekk til åtak.

Snorre fortel at kongen sat ved dugurdsbordet, då det vart meldt at mange hærskip kom siglande frå sør. Kongen budde seg til strid og fylka hirda si og bøndene. Eirikssønene gjekk på land med sin hær, og det vart ein blodig strid med stort mannefall på båe sider.

Kongen vart såra i armen av ei pil. Han gjekk om bord på skipet sitt og ville nord til kongsgarden på Alrekstad, men då dei var komne til Håkonshella var kongen døyande av blodtapet. Dei bar han i land, og her anda han ut - på same staden der han vart fødd. Mennene hans tok liket til Seim i Nordhordland, og der vart han hauglagd.

Øyvind Skaldespillar, som var med i krinsen kring kongen, skildra slaget med stor dramatikk. I Håkonarmål fortel han om kongens fall, og korleis han vart motteken i Valhall.

Skulpturen av Håkon Adalsteinsfostre er hoggen av Anne Grimdalen (Jan Rabben).

Den vanlege væpninga i vikingtida var sverd, øks, spyd, piler og boge og skjold. Gulatingslova kravde at frie, fullmyndige menn skulle ha anten sverd eller breiøks og spyd og skjold. Boge og pilar vart lagde til som skipsutstyr; ein boge og to tylfter piler til kvar tofte.

 

Sverdet var statusvåpenet og kunne ha eige namn. Det var ofe rikt prydd på hjaltet, av og til med innlegg av edelt metall. Sverdet som Håkon bar i slaget på Fitjar, heitte «Kvernbit» og hadde gullhjalt. Også spyd kunne ha dekor, medan øksane som oftast var enklare utforma.

 

Skjoldet var jamnast av tre eller lær med jernbeslag. Brynjer finst ein hende gong restar av i graver, men vanlege var dei neppe. Også hjelmar eller lærhuver var i bruk. Under slaget bar Håkon ein forgylt hjelm, seier Snorre. Men hjelmar med horn, som populærpressa gjerne utstyrer vikingane med, ser vi ikkje noko til, korkje i graver eller i biletframstillingar frå vikingtida. Hornhjelmen er nok eit fantasifoster.

 

Mesteparten av vikingvåpna vart produserte her heime, av jern frå malmhaldige myrar. Det var gammal skikk at våpna følgde mannen i grava. Etter funna å dømma har både våpensmier og jernblåstrar gått for fullt under vikingtida. Berre av sverd er det funne innpå 3000 i norske vikingtidsgraver.

Kljåsteinar frå vikingtida. Tusen år gamle vevlodd, funne i ei kvinnegrav på garden Fitjar (foto: Svein Skare, eigar Universitetsmuseet i Bergen (B 4231)).

Snorre nemner Fitjar mellom dei storgardane der Harald Hårfagre ofte heldt seg på sine gamle dagar. Det er mogleg han fekk hand om garden etter slaget ved Hafrsfjord, då han la under seg godset åt motmennene sine. Den gamle Fitjar-slekta, som er nemnd både i Håvamål og i Landnåmabok, vart etter alt å dømma offer for ein slik lagnad.

 

Etter Harald var sonen, Håkon den gode, ofte på Fitjar. Garden vert sidan nemnd i samband med fleire av saga-kongane, m.a. Olav Haraldsson, som sette Aslak Fitjaskalle, banemannen til Erling Skjalgsson, til lendmann i Sunnhordland.

 

Mykje tyder på at kongsgarden har lege der gamletunet på Fitjar-garden var, på vollen like aust for kyrkja. Eit mogleg minne frå den tida kan vera ein gamal brunn som heilt fram til vår tid har funnest her og som vert kalla «Kongsbrunnen» eller «Håkonarbrunnen». Brunnen hadde plankebotn. Over denne var eit omfar flatøksa ospestokkar med rullesteinsforing på toppen. Fire trappestig førte ned til brunnen, som var i dagleg bruk og i gammal stand, like til Helserådet gav pålegg om betongkum.

  • Graham-Campbell, J. (1981) Vikingenes verden. Oslo, Tiden.
  • Hardeland, M. red. (1961) 1000-års minnet for Håkon den gode: 961-1961. Bergen, nemndene for Håkonarminnet i Fitjar og Seim.

Sjå også

Andre stader i kommunen