Gneis er det rikeleg av, både i Sund og mange andre hordalandskommunar. Der havet får vaska og stella med fjellet i lange tider, kan gneisen bli særs fin å sjå til. Vestsida av Sotra og Øygarden er gneisens smykkeskrin. Bergartane i seg sjølve er ikkje så spesielle. Dei er for det meste ein lys, ofte svakt rosa granittisk gneis. Lagdelinga gjer at geologane kallar han gneis, men mineralinnhaldet er omtrent som i ein granitt. Innimellom er det lag med ein mørkare og mjukare amfibolittisk gneis. Nalen, ytst på Golta, står att som ein rosa pynt fordi han er gjord av seigliva granittisk gneis.
Alle desse bergartane tilhøyrer grunnfjellet og er frå jorda si urtid. Gneisane var opphavleg størkningsbergartar som vart til då basiske og sure smelter størkna langt nede i jordskorpa. Seinare, men framleis på store djup, vart desse bergartane godt samanpressa og omforma til gneis. Det var kreftene som vart utløyste under den kaledonske fjellkjededanninga i kambrosilurtida for 400–500 millionar år sidan, som skapte gneisen. Sidan vart fjellkjeda tært ned, så kraftig at dei djupe laga etter kvart kom opp til overflata.
Langt seinare måtte fjellet på Golta nok ein gong freista eit tilvære i mørkret. No var det isen som dekte landet. Isen grov og slipte på berget. For nesten 15 000 år sidan smelta isen her vekk. Endeleg kom Goltafjellet fram i dagen att – reinskura av breen. Sidan har naturkreftene halde fram med å forma fjellet, men ikkje så effektivt som då breen rådde grunnen. Bølgjene sjølve tærer lite,det er helst i vikar og bukter der bølgjene har stein og grus som slipemiddel, at slipinga blir effektiv Men bølgjene held berget reint; så lenge dei får sørgja for «vedlikehaldet», vil det ikkje danna seg groe eller jord. Derfor gir dei blanke svaberga ut mot havet framleis eit godt bilete av korleis fjellet kunne sjå ut,nesten kvar som helst i Hordaland, like etter at isen trekte seg attende.