Når silda eller makrellstimane kom inn Goltasundet, var det berre om å gjera å stengja vågen med nota så snøgt råd var. Alle oppsitjarane samarbeidde om notfisket. For å koma ut med nota før silda for ut att, måtte det haldast vakt. Oppsitjarane byttest om å sitja i rorbuene i Goltasundet og vakta på silda eller makrellen.
Etter at snurpenota kom i bruk tidleg på 1900-talet, overtok ho meir og meir for landnota. Fiskarane var ikkje lenger avhengige av gode kastevågar. Likevel vart det gjort gode landnotkast i Goltasundet like til etter andre verdskrigen. Golten landnotlag vart truleg organisert i slutten av 1800-talet. Alle oppsitjarane, 11 i talet hadde sin part i laget, som åtte båtar, notbruk, nothengje, notbu, naust og losjibu. Trass i at siste kastet her vart gjort tidleg i 1950-åra, er landnotanlegget i Goltasundet framleis eitt av dei mest komplette i Hordaland.