Grindheim kyrkje

Grindheim church

Grindheim kyrkje. (Svein Nord)

Grindheim kyrkje

Den første kyrkja på Grindheim var ei stavkyrkje med frittståande klokketårn; støpul. Kyrkja er nemnd første gong i 1326, men ho vart truleg bygd lenge før den tid.

Grindheim er ein av dei gamle hovudgardane i Etne-bygda. Dei vide terrassane på Grindheim og Stødle har gjeve gode vilkår for åkerbruket. Vest for kyrkja ligg ei stor samling graver, truleg frå dei første hundreåra av vår tidsrekning. Etter ein storstorm i 1673 vart stavkyrkja ombygd. Ei tid stod ho med lafta skip i tømmer og kor i stavverk. I 1728 vart det bygd ei ny tømmerkyrkje. Denne bygningen vart utvida i 1853. Då vart skipet saga over, den vestre delen vart flytta mot vest, og nye tømmerstokkar vart skøytte inn i langveggene. Slik kyrkja står i dag, vart ho sett i stand i 1954. Då det vart sett inn nye kyrkjebenker, vart interiøret òg måla. Eit vakkert dørbeslag frå mellomalderen er i dag montert på vestdøra. I interiøret finst det også dekorerte plankar frå stavkyrkja. I ein monter på nordveggen i koret ligg ein sjeldsynt eignalut i kyrkja; eit dekorert vokslys, påskelys eller dåpslys.

Desse lysa vart nytta ved særskilde gudstenester. Dette lyset skriv seg truleg frå seinmellomalder eller tida kring 1600.

Steinkrossen som står like innanfor kyrkjegardsmuren, låg tidlegare i sjølve muren. Opphaveleg har han stått på «Krossbakken». Mange stader har steinkrossane vore samlingsstader før kyrkjene vart bygde, kanskje også seinare. Ordtaket: «Han går korkje til kross eller kyrkje», kan vera eit vitnemål om dette. Øvste armen er avslegen, slik at krossen no har T-form.

 

Ein runestein låg i fleire hundre år i kyrkjegardsmuren ved Grindheim kyrkje. No er han reist ved nordveggen av kyrkja, der han er bolta fast. På eine breisida er innhogge ein kross. Innskrifta står på den eine smalsida og skal lesast nedanfrå og opp såleis (i omsetjing): «Tormod reiste denne steinen etter Tormod Svidande, far sin».

 

Tilnamnet til den eldre Tormod, som kjem av verbet å svi eller brenna, kan han sjølvsagt ha fått av fleire grunnar. Somme meiner det kan ha samband med svirydjing, men dette er langtfrå visst. Innskrifta kan truleg daterast til kring midten av 1000-talet.

  • Shetelig, H. (1904) Gravpladsen paa Grindheim og Rygg i Etne. I: Bergens Museums aarbog, 10

Sjå også

Andre stader i kommunen