Båtmotorar, Norsk motormuseum i Skånevik (Svein Nord).

Skånevik - Norsk motormuseum

I dei tidlegare produksjonslokala til Sunnhordland Mekaniske Verkstad finn du ein av dei største motorsamlingane i Noreg. Hovudvekta er lagd på norskproduserte motorar. Alt i 1895 vart dei første motorane installerte i fiskeflåten. Dette førte med seg ein revolusjon innanfor næringa. Det har vore over 140 motorfabrikkar i Noreg, og Vestlandet var eit tyngdepunkt for denne verksemda. I Sunnhordland var det ei rekkje motorprodusentar, og samlinga i Skånevik gjev eit spanande nærbilete av dette.

Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen