Der større elvar møter havet og byggjer opp øyrar, oppstår det alltid eit rikt biologisk miljø. Elvane fører heile tida med seg mykje næringsstoff og sediment. Ved utløpet ventar mange ulike former for liv på å gjera seg nytte av dette. Dyra og plantene som trivst her, er tilpassa eit miljø der saltinnhald, temperatur, tidvasstand og vassføring i elva skiftar heile tida.
Denne brytingssona, som på fagspråket blir kalla estuar, byr på store utfordringar i høve til både årstider og tidvatn. Heile tida bukkar mykje liv under fordi dei ikkje kan følgja med skiftingane. Dette blir til næring for andre. Naturen svarar med auka produksjon, slik at talet på småfisk, muslingar og anna småkryp blir særskilt stort. Dette skaper i sin tur livsgrunnlag for høgareståande dyreslag, og mest alle estuar har uvanleg rikt fugleliv.
Men elveøyrane, som både er flate og næringsrike, høver òg for dyrking. Såleis kom dei til å bli mellom dei første teigane som vart oppdyrka. Seinare var det gjerne her tettstadene voks fram. Med dette følgde flaumsikring og forbygging av elva, masseuttak og ofte bruksendring til nærings- og industriføremål,då anleggskostnadene i slike område gjerne er låge.
Slik gjekk det på Bolstadøyri, der Vosso renn ut. Slik gjekk det òg i Eidfjord, Odda og Eikelandsosen, og likeins ved dei store elveøyrane i Sogn og Fjordane. Same lagnaden fekk deltaet til Etneelva. Men delar av denne elveøyra er framleis biologisk rik. På nordsida av Etneosen er det eit lite, urørt område som er viktig for rastande vadefuglar under trekket, og for overvintrande ender, måsar og gråhegrar som finn mat i den isfrie elveosen.