Verdiane vart liggjande att framfor smeltande brear då varmen kom attende til Modalen på slutten av istida for om lag 11 000 år sidan. Buldrande smeltevasselvar grov i morenemassane djupt under isen og førte sand, stein og grus fram til brefronten. Brefronten stogga fleire gonger under tilbakesmeltinga i den lange og flate dalen. Slik vart fleire brerandavsetjingar danna. Nokre av massane vart tippa i fjorden. På det lengste rakk fjorden heilt inn til Hellandsfossen, då havet stod 50 meter høgare enn no. Andre avsetjingar vart liggjande att på store elvesletter framfor breen. No ligg massane på tørt land, også dei som vart avsette i fjorden. Det kan modølingane takka landhevinga etter istida for.
Fjellet som Modalsbreen grov i, er gneis som inneheld mykje av minerala kvarts og feltspat. Særleg innhaldet av kvarts aukar kvaliteten av sanden. Mjukare mineral, som glimmer og amfibol, vart oppknuste til finkorna silt og leire som vart avsett på fjordbotnen framfor breen. Det låge innhaldet av jarn og humus i sanden stettar òg dei strenge kvalitetskrava til sand som skal nyttast til betongtilslag.
Frå Mostraumen og Mo er det meste av sanden fjerna. Gjennom hundre år har sandskuter frakta sanden til Bergensområdet. Men frå Nedre Helland og oppetter dalen er det enno mykje att. Likevel må sanddrifta ein dag ta slutt – breens gåve fornyar seg ikkje. Det er heller ikkje sand og grus i alle haugane i dalen. Nokre stader vart det opna grustak før massane var tilstrekkeleg undersøkte. Ved Nedre Helland er det to avsetjingar der det viste seg at berre den eine var brukande. Den andre står att som eit ope sår i landskapet (ramma). Grunneigarane som no har overteke sanddrifta, driv etter dagens føresegner og jamnar og sår i gamle sandtak slik at dei kan nyttast i grasproduksjonen.