Den første Mofjorden vart borte for fleire tusen år sidan. Mot slutten av istida, for om lag 11 000 år sidan, kalva breen innetter Osterfjorden og Romarheimsfjorden. Der var det god plass og rikeleg djupn. Innanfor Nottveit smalnar fjorden, og djupna minkar. Ved Mostraumen vart brefronten ståande på grunn ei tid, lenge nok til at breelvane fekk avsetja ein rygg av sand og grus på botnen (a på teikninga). Sidan smelta breen så mykje at han sleppte taket i ryggen. Kalvinga flytta seg innover mot Mo, og fjorden følgde etter (b).
Knapt 1000 år seinare, for 10 000 år sidan, hadde landet stige så mykje at grusryggen ved Mostraumen vart tørt land og slik laga ein terskel i fjorden. Innanfor denne sperra vart sjøen etter kvart til ferskvatn. Mofjorden vart til Movatnet (c). Landet heldt fram med å stiga, stadig saktare, til landhevinga tok slutt for om lag 1000 år sidan. Men nivåskilnaden mellom Mostraumen og Movatnet vart ikkje så stor som landhevinga skulle tilseia. Eidet, som skilde saltvatn og ferskvatn, vart meir og meir utgrave av elva i flaumperiodar, slik at Movatnet gradvis vart senka. Då den veldige flaumen 14. desember 1743 braut gjennom eidet, var det truleg ein høgdeskilnad på ein til to meter mellom vassnivået i Mostraumen og Movatnet. Etter storflaumen var nivået utjamna, og dermed oppstod tidvasstraumen. Mofjorden vart på ny ein realitet.
Mostraumen var lenge for grunn for store båtar, ettersom det låg store steinar midt i straumen. Siste oppmudringa, til 3,5 meters djupn, var ferdig i 1913. Straumen er stridast utover. Det har samanheng med alt ferskvatnet som strøymer ut saman med sjøvatnet, som kom inn 6 timar tidlegare.På det striaste kan straumen koma opp i 7 knop.
Mykje av landskapet rundt Mostraumen er endra. Det var her sanddrifta i kommunen starta kring 1890. Slutt vart det i midten av hundreåret som var – då var det meste teke ut. Spora på fjellveggen på nordvestsida av straumen viser kor høgt sandnivået opphavleg nådde.