Like før jul 1743 hende det noko som fekk stor innverknad på Otterstad og Mogarden. Dette året kom det ein svær elveflaum som reiv bort eit smalt eide av grus ute ved Mostraumen. Sjøen rann inn i det som tidlegare var Movatnet, slik at dette vart til Mofjorden. Strandlinja i det tidlegare Movatnet vart liggjande lågare enn før, og Mogarden fekk nye bøar ut mot fjorden; «Nerebøen».
Otterstad
Otterstadgardane ligg i den inste enden av Mofjorden, på nordvestsida av elva. Rekkja med stavbygde naust som høyrer til garden, skal vera bygd litt etter midten av 1800-talet. Både her og på Mosida var nausta også viktige lagringsrom ved fjorden; ved og andre bondevarer som skulle til byen; korn og byvarer i retur.
- Litleskare, J. (1933) Mo kyrkja (Moe Capell) og Eksingedalen kyrkja (Fladeqval Capell). Bergen.