Fleire av dei sjeldnaste planteartane på Stord veks i eller ved ferskvatn. Artar som soleigro, bustsivaks og trådbregne finst her, men er uvanlege elles i Noreg. Dei har svært lik utbreiing,og veks berre på Sør- Vestlandet nord til Sunnhordland. Dersom miljøet blir endra,kan dei lett forsvinna for alltid.
Ved Ådlandsvatnet finn vi desse tre artane på grunt vatn i nokre av buktene. Beste vokstervilkår er finkorna, litt mudrete botn, utan annan tettvaksen vegetasjon. Dei bukkar lett under i konkurranse. Med lita evne til å formeira seg kan dei lett bli fortrengde av andre. Det er i varme og tørre somrar med låg vasstand at frøa gjerne får dei beste spiringsvilkåra.
Eit anna vatn i same området er Storavatnet. Her veks den karakteristiske takrøyren, eit to meter høgt gras som er lett å få auga på. Takrøyr veks tett og nokså langt ut i vatnet. Flaskestorr og elvesnelle er to meir vanlege sumpplanter som veks i eit belte langs stranda i dei fleste ferskvatna på sørlege delar av Stord.