Dyrskard med den restaurerte anleggsbrakka

Dyrskard with the restored construction hut.

Dyrskard med den restaurerte anleggsbrakka (Helge Sunde).

Dyrskard

Vegen over Haukelifjell var frå først av ein veg frå «fjord til fjord», frå botnen av Sørfjorden til Dalen i Telemark. Sambandet over Røldal–Haukelifjell vart av Stortinget sett på som så viktig at veganlegget Odda–Dalen vart vedteke alt i 1853.

I 1865 vart den nye vegen opna; langs den stupbratte fjellsida på austsida av Sandvinvatnet, gjennom fosselandskapet i Oddadalen, opp hårnålssvingane i Seljestadjuvet, over Røldalsfjellet, opp Austmannalia og Tarjebudalen, framom Svandalsflona og Midtlæger, gjennom Dyrskard og over Ulevå til Telemark. Først i 1887 vart vegen ferdig heilt fram til Dalen. Sommarstid var dette både ei attraktiv og komfortabel reiserute mellom Austland og Vestland; viktig for utviklinga av turismen. Vegen som går der i dag, følgjer enno i hovudsak den gamle traséen. I Dyrskard, det høgaste punktet på vegen, ligg den gamle anleggsbrakka. Denne vart også nytta av dei som moka vegen om våren; eit seint og slitsamt arbeid. Ein vanleg teknikk var å «åta» snøen; å strø jord på fonna slik at snøen smelta snøggare. Hordaland vegkontor har sett denne brakka i stand – eit lite, men viktig kulturminne i dette vêrharde skardet. Dyrskard har nok namnet sitt frå forhistorisk tid. Det må ha samanheng med topografien; ein passasje – ei dør – i landskapet. Rett nord for Dyrskard ligg Middyr.

På vestsida av Røldal går vegen i store svingar opp Håra eller Hårabakkane, slik vi ser det på dette biletet, «Parti Fra Haare», frå ca. 1900. Namnet vert i dag ofte skrive Horda. Skrivemåten og namnetydinga er omdiskutert. Røldalsbygda i bakgrunnen.

For den som kjem frå aust, er Austmannalia det første møtet med den vestlandske fjellheimen. Der vegen i dag snor seg i spiral inne i fjellet – lik den vidgjetne lindormen som etter segna vart brend på eit berg i Tarjebudalen ovanom Austmannalia – ligg gamlevegen i slyng ned lia, verna som eit veghistorisk minne.

 

Men den mest dramatiske naturen møter vi på den andre fjellovergangen frå Røldal; over Røldalsfjellet og ned Seljestadjuvet med utsynet mot Folgefonna i nordvest. Vegen, som ligg i knappe, oppmura hårnålssvingar ned Gorsbotnen, vart bygd i 1859-65. På den andre sida av juvet ser vi dei omhugsame murane under ein eldre kløvveg.

 

I Seljestadjuvet står det ei minnestøtte like ved vegen: «Reist til minne om postfører G. Turtveit. Begravet i 56 timer under sneskred 3/1 1903. Grov seg ut med posthornet.»

 

Postruta over fjellet frå Røldal til Seljestad og Odda vart halden oppe som skipostrute heilt fram til 1955. Minnestøtta er ei påminning om kva realitetane i valspråket for Postverket kunne ha å seia i praksis for dei som heldt oppe sambandet – på ski eller til fots – i høgfjellet vintersdag.

Sjå også

Andre stader i kommunen