Gravminnet – i lys bergart med fire namn
Distriktslæge
CHRISTIAN AUGUST ENGH
∗ 5/6 1815
† 15/9 1894
ELISABETH SOMMER ENGH
f. Normann
∗ 12/3 1815
† 23/9 1913
HILDA ENGH
∗ 22/5 1853
† 13/12 1866
ELISABETH AUGUSTA
ENGH
1845 – 1938
Christian August Engh – Vadsø og Sogndal
Cristian August Engh, fødd 5. juni 1815, i Kristiania, var son til urmakar Christoffer Pedersen Engh og Anna Kirstine, f. Jacobsen. Etter avlagt medisinsk eksamen i juni 1840 vart C.A.Engh 17. september same året utnemnd til distriktslege i Aust-Finnmark distriktslegeembete. Han gifte seg i Leikanger 3. januar 1841, og ekteparet Engh tok fatt på reisa nordover frå Sogn. Dottera Augusta fortalde i 1923 både om reisa til Aust-Finnmark og reisa tilbake år 1848, då med tre born.
Nordover 1841: landverts til Trondheim; «midt paa vinteren (…) «og derfra med fiskefartøier til Hamerfest og videre til Vadsø».
Sørover 1848: med ei dansk seglskute som dreiv til havs mot Island og heldt på å forlisa, skuta nådde til slutt inn mot kysten ved Jæren. Frå Stavanger til Bergen med «Constitutionen», og vidare til Sogndal med sognejekt.
Christian August Engh var distriktslege i indre Sogn, med bustad i Sogndal, frå 1848 til han døydde 15. september 1894. Dottera Augusta ga faren god attest: «Nidkjær, pligttro med aldrig svigtende kjærlighed til sine medmennesker, reiste han ud nat som dag paa daarlige veie til uveisomme fjeldgaarde tillands og tilvands men aldrig nogensinde gjorde han vendereis i de 54 aar..»
Det kan leggjast til at distriktslege C.A.Engh var ein samfunnsengasjert person vidare enn berre helsestellet. Både i Vadsø og Sogndal var han med i kommunestyret, også som ordførar. I Sogndal var han og med i styringa av Sogndal Sparebank.
Elisabeth Sommer Norman Engh – barne- og ungdomsår i Leikanger
Elisabeth Sommer, fødd i Fusa 12.03.1815, var dotter til sokneprest Peter Johan Norman og Anna Catharina Grip. I 1822 flytte prestefamilien til Leikanger, der Norman var sokneprest til han døydde 17.07.1839. Ekteparet Engh gifte seg i Leikanger, 03.01.1841, vel tre månader etter at Christian August Engh var utnemnd til distriktslege i Aust-Finnmark. Elisabeth Sommer Engh fødde 7 born, 3 søner og 4 døtre; 3 av dei i Vadsø.
Hilda Engh – døydde som barn
Hilda, fødd i Sogndal 22.05.1853 og nummer fire i søskenflokken, døydde 13.12.1866, 13 ½ år gammal. I kyrkjeboka er «nærvefeber» oppgjeven som dødsårsak; ein annan stad «Meningitis tuberculosa».
(Elisabeth) Augusta Engh – det siste bladet Engh i Sogndal
Distriktslege Engh bygde seg hus i Trolladalen. Etter alt å døma stod huset ferdig i 1868. Dottera (Elisabeth) Augusta, fødd 07.05.1845, budde saman med foreldra heile deira levetid, og seinare budde ho åleine i «den gamle doktorgard eit stykke ovanom Sogndalsfjøra». Dei fire-fem siste åra av livet sitt budde ho på Gamleheimen på Stedje. «Frk. Augusta Engh» døydde 5. juni 1938, 93 år gamal. Alle i næraste familien hennar var då busette andre stader. «Med Augusta Engh er no Engh-ætti burte frå Sogndal», skreiv Sogns Tidende. «Heimen i Trolladalen vil verta seld», skreiv avisa vidare, og «etter avlidne sitt ynskje vil sumt av husbunaden verta bytt på slektningane som minne, og sumt av bygdehistorisk verd, vil gå til museet på Amble.»
«Gamle lægeinstrumenter» på Sogn Folkemuseum – De Heibergske Samlinger
Årsmeldinga for «museet i Amble» 1939 inneheld noko om innkome historisk materiale frå den gamle dokter-heimen. «Høsten 1938 holdtes i Sogndal auktion efter den i 1894 avdøde distriktslege Chr. A. Engh, som var den første distriktslege i indre Sogn, utnevnt 1848. Her erhvervedes en hel rekke gamle lægeinstrumenter av nu ikke brugelig type.»