Julekort sendt frå Amerika til Noreg. Samlinger til kildeutgivelse, Amerikabrevene, AV/RA-EA-4057/F/L0002: Innlån fra Oslo: Garborgbrevene III – V, 1838-1914, s. 814.
Datering
1838-1914
Fotograf
ukjend
Eigar
Arkivverket

Julekort sendt frå Amerika til Noreg. 

Julerefleksjonar frå ein utvandrar

Nordmenn som utvandra til USA på 1800- og første halvdel av 1900-talet fekk nok mange store og små kultursjokk. Mange sende brev heim til familie og venner om livet i det nye landet, opg nokre skreiv tekstar til tidsskrift og aviser.  I denne teksten får vi høyre nokre refleksjonar rundt skilnadane mellom julefeiring i Noreg og USA frå utgjevar og forleggjar Olaf Huseby. 

Olaf Huseby vart fødd i 1856 i Leikanger og utvandra til Amerika i 1903. Han arbeidde heile livet med bøker og blad, som skribent, utgjevar og forleggjar. Mot slutten av livet sitt sende Huseby nær 60 brev til avisa Sogn og Fjordane. Til 1938-nummeret av juleheftet Jol i Sogn skreiv Huseby denne julehelsinga frå heimstaden sin i Michigan. 

"Ålvorstankar for jolehelgi"

Det er 34 år sidan eg hadde jolehelg i Noreg; det er 67 år sidan eg hadde jolehelg i Sogn. Eg veit difor ikkje noko um jul i Sogn no. men jolekvelden heime hjå bestefar og bestemor gløymer eg aldri. Det var ein kveld til minne um den største hending i verdi. Og når eg joledagen fylgde bestefar i sin beste stad til leikanger-kyrkja, so var det joldedag og jolegleda for barnehjarta.

Men no hev eg livt 34 år i Amerika, men utan jol. Joli, tykkjest meg, er kald i dette landet, trass i millionar av joletre, trass i tusen millionar av elektriske lamper, trass i millionar av små og store jolegåver. Joli hev vorte etar-helg, ei drykkje-helg, ei teater-helg, og varer berre 24 timar frå jolaftan midnatt til joledag midnatt. Det er arbeid, arbeid, arbeid utan stans: det er berre tanke og tale um dollars, dollars, dollars utan stans.

Joli skulde gjeva oss tankar å leva på. Meisteren la store tankar på heile livsvegen vår, og ikkje berre for jolehelgi, men mykje av det som vert skrive og preika for joli, er gamalt nytt og joletre-stas, som vert teke fram att jolekvelden for syns skuld.

Eg duger ikkje til å finna på ei høveleg jole-soga for ”Jol i Sogn”. Men utor dei store samlingane mine av ord frå store menn og kvinnor skal eg plukka ut litevetta, som, kann henda, er verd å tenkja på gjenom året, anten me samstavar med det eller ikkje. Og her kjem nokre av tankane: (Her er attgjevne 3 av 5.)

....

Horace Mann:

- som skapa Amerikas folkeskule, sa i den siste talen sin: ”Kjenn deg skamfull, dersom du fer utor verdi utan å hava gjort noko godt for landet ditt. Var eg rik, so vilde eg så boksamlingar ut over heile landet, nett som såmannen spreider såkornet.”

Andrew Carnegie:

- fattigguten frå Scotland, som vart usturteleg rik i Amerika, bygde 3600 folkebibliotek og tilslutt bruka 15 år for å gjeva viseleg burt 2500 millionar kroner, skreiv dette: ”Den tid er ikkje langt undan då ein rikmann, som ikkje fyre han døyr gjer noko godt med pengane sine, døyr tårelaus, sorglaus og ærelaus.”  Med dette meinte han ikkje berre litevetta til ”heidninge”-misjonen eller ei kyrkja for å sleppa inn i himmelen.

Abraham Licolns tru:

”Eg hev aldri skrive meg inn i noko kyrkja, for eg fann det uråd å finna fram i dei lange og flokute trudomsartiklane, som kvar kyrkje-grein hev sett upp. Dersom noko kyrkja vil skriva på altartavla dei simple ordi av Jesus: ”Du skal elska Gud med heile ditt hjarta og andre menneske som deg sjølv” – den kyrkja vil eg vera med i av heile mitt hjarta og heile mi sjel.”


 

På 1800- og 1900-talet la over 800 000 nordmenn ut på reisa mot Amerika. Dei søkte fridom, arbeid og eit betre liv. Mange forlét tronge kår og trong jord i Noreg for å finne nye moglegheiter i det store, ukjende landet i vest.

Men utvandringa har ikkje berre vært ein solskinnshistorie. Gardar, bygder og tettstader mista mange av sine unge – og møtet med det nye landet var ikkje alltid enkelt. Samstundes var innvandring frå Europa ein del av ein større koloniseringsprosess som førte til fortrenging og undertrykking av urfolk i Amerika.

Gjennom brev, bilete, protokollar og personlege forteljingar viser denne digitale utstillinga kva som dreiv folk til å dra, kva dei reiste frå – og kva dei kom til. Arkiva tek vare på minna.

Les meir om utvandringa til Amerika på Storymap: https://arcg.is/1HGHn10

Image
Fotograf
skjermbilde

Sjå også

Andre stader i kommunen