Gravminnet Engh på kyrkjegarden ved Stedje kyrkje, Sogndal. Gravsteinen står på gravfeltet aust for kyrkja.
Datering
2020
Fotograf
Hermund Kleppa

Gravminnet Engh i Sogndal

På kyrkjegarden ve Stedje kyrkje står ein høg gravstein med fire namn: Christian August Engh, Elisabeth Sommer Engh, Hilda Engh og Elisabeth Augusta Engh; distriktslege Engh, kona, og to døtrer. Christian August Engh var distriktslege to stader i sitt yrkesaktive liv; 8 år i Aust-Finnmark, Vadsø, (1840-1848) og 46 år i indre Sogn, Sogndal, (1848-1894).

Gravminnet – i lys bergart med fire namn

Distriktslæge

CHRISTIAN AUGUST ENGH

∗ 5/6 1815
† 15/9 1894

ELISABETH SOMMER ENGH
f. Normann
∗ 12/3 1815
† 23/9 1913

HILDA ENGH
∗ 22/5 1853
† 13/12 1866

ELISABETH AUGUSTA
ENGH
1845 – 1938

Christian August Engh – Vadsø og Sogndal

Cristian August Engh, fødd 5. juni 1815, i Kristiania, var son til urmakar Christoffer Pedersen Engh og Anna Kirstine, f. Jacobsen. Etter avlagt medisinsk eksamen i juni 1840 vart C.A.Engh 17. september same året utnemnd til distriktslege i Aust-Finnmark distriktslegeembete. Han gifte seg i Leikanger 3. januar 1841, og ekteparet Engh tok fatt på reisa nordover frå Sogn. Dottera Augusta fortalde i 1923 både om reisa til Aust-Finnmark og reisa tilbake år 1848, då med tre born.

Nordover 1841: landverts til Trondheim; «midt paa vinteren (…) «og derfra med fiskefartøier til Hamerfest og videre til Vadsø».
Sørover 1848: med ei dansk seglskute som dreiv til havs mot Island og heldt på å forlisa, skuta nådde til slutt inn mot kysten ved Jæren. Frå Stavanger til Bergen med «Constitutionen», og vidare til Sogndal med sognejekt.

Christian August Engh var distriktslege i indre Sogn, med bustad i Sogndal, frå 1848 til han døydde 15. september 1894. Dottera Augusta ga faren god attest: «Nidkjær, pligttro med aldrig svigtende kjærlighed til sine medmennesker, reiste han ud nat som dag paa daarlige veie til uveisomme fjeldgaarde tillands og tilvands men aldrig nogensinde gjorde han vendereis i de 54 aar..»

Det kan leggjast til at distriktslege C.A.Engh var ein samfunnsengasjert person vidare enn berre helsestellet. Både i Vadsø og Sogndal var han med i kommunestyret, også som ordførar. I Sogndal var han og med i styringa av Sogndal Sparebank.

Image
Christian August Engh. Personopplysningar med portrett i Norske Læger 1800-1908.

Elisabeth Sommer Norman Engh – barne- og ungdomsår i Leikanger

Elisabeth Sommer, fødd i Fusa 12.03.1815, var dotter til sokneprest Peter Johan Norman og Anna Catharina Grip. I 1822 flytte prestefamilien til Leikanger, der Norman var sokneprest til han døydde 17.07.1839. Ekteparet Engh gifte seg i Leikanger, 03.01.1841, vel tre månader etter at Christian August Engh var utnemnd til distriktslege i Aust-Finnmark. Elisabeth Sommer Engh fødde 7 born, 3 søner og 4 døtre; 3 av dei i Vadsø.

Image
Elisabeth Sommer Engh (1815-1913), dødsannonse.
Datering
1913

Hilda Engh – døydde som barn

Hilda, fødd i Sogndal 22.05.1853 og nummer fire i søskenflokken, døydde 13.12.1866, 13 ½ år gammal. I kyrkjeboka er «nærvefeber» oppgjeven som dødsårsak; ein annan stad «Meningitis tuberculosa».

(Elisabeth) Augusta Engh – det siste bladet Engh i Sogndal

Distriktslege Engh bygde seg hus i Trolladalen. Etter alt å døma stod huset ferdig i 1868. Dottera (Elisabeth) Augusta, fødd 07.05.1845, budde saman med foreldra heile deira levetid, og seinare budde ho åleine i «den gamle doktorgard eit stykke ovanom Sogndalsfjøra». Dei fire-fem siste åra av livet sitt budde ho på Gamleheimen på Stedje. «Frk. Augusta Engh» døydde 5. juni 1938, 93 år gamal. Alle i næraste familien hennar var då busette andre stader. «Med Augusta Engh er no Engh-ætti burte frå Sogndal», skreiv Sogns Tidende. «Heimen i Trolladalen vil verta seld», skreiv avisa vidare, og «etter avlidne sitt ynskje vil sumt av husbunaden verta bytt på slektningane som minne, og sumt av bygdehistorisk verd, vil gå til museet på Amble.»

Image
Distriktslege Christian August Engh sitt hus i Trolladalen, «den gamle doktorgard eit stykke ovanom Sogndalsfjøra», Sogndal.
Datering
1910-1915
Fotograf
Ukjent
Eigar
Sogndal Sogelag

«Gamle lægeinstrumenter» på Sogn Folkemuseum – De Heibergske Samlinger

Årsmeldinga for «museet i Amble» 1939 inneheld noko om innkome historisk materiale frå den gamle dokter-heimen. «Høsten 1938 holdtes i Sogndal auktion efter den i 1894 avdøde distriktslege Chr. A. Engh, som var den første distriktslege i indre Sogn, utnevnt 1848. Her erhvervedes en hel rekke gamle lægeinstrumenter av nu ikke brugelig type.»

Gravminne/grav med identitet 23.F.07.004, Stedje kyrkjegard, Sogndal
Sogndal kyrkjelege fellesråd: Informasjon om grav/gravstein
Kiær, F.C.: Norges læger i det nittende aarhundrede : (1800-1871). Christiania: Alb. Cammermeyer, 1873 (Digital utgave)
SAB, Lensmannen i Sogndal, 0012/L0001: Branntakstprotokoll, 1868-1875, s. 66b-67a (Digital utgave)
Sogns Tidende 13.12.1923 (Digital utgave)
SAB, Leikanger Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 7, 1838-1851, s. 211 (Digital utgave)