Det er vilt og bratt langs den vakre Kjøsnesfjorden. Her ser vi det meste av strekninga mellom Kjøsnes og Lunde. Høge skjeringar, mange tunnelar og rasoverbygg fortel at terrenget ikkje er det lettaste å byggja veg i.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Gunnar Lotsberg.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Rasfarleg område

20. juni 2006 var det offisiell opning for å markera at vegsambandet mellom Skei og Fjærland, 20 år etter at det opna, endeleg fekk riksvegstandard. Eit langt meir alvorleg problem har vore rasfaren langs Kjøsnesfjorden. Rassikringa har ikkje vore teke alvorleg nok, og samferdselsminister Liv Signe Navarsete hadde førebels ingen løyvingar til den siste tunnelen.

Eittfelts riksveg

17. april 1975 vedtok Stortinget at Fjærland skulle få vegutløysing. Den nye riksvegen skulle gå i tunnel under Jostedalsbreen og vidare langs Kjøsnesfjorden til Skei. Då det i 1976 vart vedteke at vegen skulle gå mellom Fjærland og Skei, vart det samstundes slege fast at det skulle vera ein lokal veg med minimumsstandard. Dette førde til at ein stor del av vegen mellom Kjøsnes og Lunde vart bygd som eittfelts veg med møteplassar.

Vegkontoret argumenterte mot ei slik løysing og tilrådde spesielt at Fjærlandstunnelen måtte få to køyrefelt, men Vegdirektoratet ville ikkje godkjenna høgare vegstandard. Motstanden var stor hjå folk i bygdene og mellom politikarar. For mange syntes dette å vera svært kortsiktig vegpolitikk. Eit seinare vedtak avgjorde at vegen skulle byggjast med to felt, men det gjaldt berre den nye vegen. Bygdevegen frå 1938 mellom Kjøsnes og Lunde fekk ei viss opprusting, men fleire stader var vegen eittfelts med møteplassar. Den smale og kronglete strekninga mellom Skei og Kjøsnes derimot, vart liggjande slik ho var.

Skei-Kjøsnes ein flaskehals 

Vegutløysinga til Fjærland var ein realitet i 1986. Då var det og ein brå slutt på løyvingane til Skei-Fjærland. Det var likevel klart at det måtte gjerast noko med den gamle vegen, då vegen ville bli ein del av stamvegsambandet mellom Sogn og Sunnfjordsom då var under planlegging. Det nye tverrsambandet ville endra trafikkmønsteret og dobla trafikken mellom Skei og Fjærland. Men vegstandarden var alt for dårleg til å ta i mot den store trafikkauken. Då det nye stamvegsambandet opna i 1994, vart den gamle vegen liggjande som ein flaskehals. Først i 2006 stod strekninga ferdig med gul midtstripe.

Stamveg i svært rasfarleg terreng

Eit anna problem var rasfaren langs Kjøsnesfjorden. Då vegetaten gjorde sine undersøkingar i høve vegutløysing til Fjærland i 1973, konkluderte dei med at det måtte store investeringar til for å sikra vegen. Med i vegpakken vart det to tunnelar og eit rasoverbygg, men det var ikkje nok. Det heile var eit spørsmål om kostnader. Prislappen på vegutløysinga til Fjærland måtte ikkje bli høgare. Det har difor gått lang tid for å få ei skikkeleg sikring av vegen. Litt etter litt har vegen vorte sikra med rasvollar og fleire overbygg, men rasa vel sine eigne vegar og rasoverbygga og tunnelane har vist seg å vera for korte.

Kalkulert risiko 

Diverre har rasa langs Kjøsnesfjorden medført ei dødsulukke og ei ulukke som førte til at ein mann vart invalid. Frykta for nye ras er difor stor. Mange stader på Vestlandet ligg vegane tett inntil bratte fjellsider med rasfare. Det er hevda at det er ein "kalkulert risiko" å bu og leve slik. Vegen langs Kjøsnesfjorden er rekna mellom dei verste i fylket.

Ein frykteleg dag i desember 

I 2004 fekk dei som køyrde langs Kjøsnesstranda oppleva rasfaren. Søndag 14. oktober vakna folket på garden Søgnesand til 30 cm nysnø. Men ut på ettermiddagen slo veret om. Det vart mildt og regnet hølja ned. Frå stoveglaset på Søgnesand, tvers over fjorden, kunne dei sjå korleis jord, stein og snøsørpe kom veltande ned frå fjellsidene. Rasa kom i eitt - langs heile Kjøsnesstranda. Mellom rasa stod folk og bilar heilt fortvila og ufatteleg redde. Mange var innesperra mellom to ras. Så byrja bergingsaksjonen. 

Men heller ikkje den var utan fare. Vinden var sterk og det mørkna raskt. Det vart sett i gang ein storstilt aksjon med fleire båtar for å få folk ut frå rasområda, då det var utrygt å vera i området. 35 køyretøy med til saman 67 menneske var innesperra mellom ras på tre parti langs vegen. Rasa langs Kjøsnesfjorden fekk stor merksemd i pressa, og dåverande samferdsleminister Torhild Skogsholt besøkte Skei veka etter. Det vart og skipa ein aksjonskomite for rassikring. Alt i alt førte det til at løyving til rassikring langs Kjøsnesfjorden kom med i den nasjonale vegplanen. Planen er å byggja ein 2,6 km tunnel i 2007 dersom løyvingane kjem.

Image
Arbeidet med den siste strekninga mellom Kjøsnes og Skei byrja 14. september 2004, og i november 2005 vart trafikken flytta over til ei ny 1,8 km lang vegstrekning i lia ovanfor gamlevegen.
Datering
2006.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Fakta om rassikringa

Vegen mellom Kjøsnes og Fjærlandstunnelen er 11,5 km. Til saman er 1,835 km sikra med tunnelar og rasoverbygg. I tillegg kjem fire rasvollar: Lundevassenden (2005), Tongeholtgjølet, Vikane I og II (dei tre siste (2002) mellom Bjørnebakktunnelen og Kleivatunnelen.

1986 Kleivatunnelen, 615 m (forlenga med rasoverbygg på 291 m i 1994)

1986 Bjørnbakktunnelen, 350 m + 84 m rasoverbygg i 1987 

Streksvora I II 40 + 93 m (rasoverbygg, Streksvora II forlenga frå 40 til 93 m i 2000)

Hammarsgrova 60 m (rasoverbygg)

1997 Føreneset 302 m (rasoverbygg)

2007 Forventa løyvingar til ein 2,6 km tunnel forbi rasområda: Erkeskreda (Lundevassenden), Hammarsgrova, Stølsneset og Hesa (250 m aust for lausmassetunnelen Føreneset).

Image
Til saman var det i 2004-2006 bygd seks km veg. 3,2 km er stamveg, 0,5 km er fylkesveg, 1,2 km er gang- og sykkelveg, medan 1,1 km er ein strandpromenade rundt Skeibukta. Her ser vi frå vegopninga. og strandpromenaden.
Datering
2006.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.
  • Vegstubben, blad for Statens vegvesen Region Vest 1973-2002.
  • Arkivmateriale Statens vegvesen Region Vest.