Anne Margrethe kjem til Skorpen
Ein junidag i 1847 vart det feira bryllaup på garden Apalset i Naustdal. Det var den eldste dottera Anne Margrethe, som gifta seg med fiskarbonden Alexander Olai Martinussen frå Skorpa i Kinn. På denne tida var Kinn ein plass folk flytta til, det var mogelegheit for å tene pengar som fiskar, eller i andre aktivitetar relaterte til fiske. Bruket dei flytta til var relativt stort, og sentralt plassert i høve til alle aktivitetane rundt fisket, med fleire saltebuer i utkanten av eigedommen.
Korleis Anne Margrethe og Alexander møtte kvarandre veit vi ikkje. Ho kan ha kome til Skorpa for å tene pengar i ein av fiskesesongane, eller hatt teneste på garden. For Alexander, som for dei fleste fiskarbøndene, var fisket truleg viktigare enn gardsdrifta. Alexander hadde både korn, poteter og buskap på garden, så han kan ha trengt hjelp til den daglege drifta. I alle fall ser det ut til at dei møttest i november året før, for berre to månader etter bryllaupet vert Lars Mathias fødd. I 1848 kjem Rachel Juditte, og i 1850, Henrikke.
Alexander og Anne Margrethe eigde ikkje garden dei budde på, men i 1851 kjøpte dei, og fekk skøyte på garden. Det vil seie, det var den tre år gamle sonen, Lars Mathias Alexandersen, som sto som eigar. På denne måten unngjekk dei oppdeling av garden, som kunne skjedd om Alexander sette namnet sitt på skøyte og han døydde. Om Lars døydde som born, ville garden automatisk gå tilbake til Alexander. Garden vart kjøpt for 1200 Speciedaler.
Det farlege fiskarlivet
Mindre enn eit år etter kjøpet, i slutten av februar 1852, drukna Alexander. Ein dreng frå Skorpen, den 18 år gamle Truls Madsen, drukna same dag. Slik det er notert, ser det ut som dei drukna i same hending.
Vinteren 1852 vart skildra som ein «uvêrsvinter». Omstenda rundt drukninga til Alexander veit vi ikkje noko om, det kan ha vore uvêr som kom brått på, eller rett og slett at han ikkje kunne symje. På denne tida drukna det rundt sju fiskarar i året frå Kinn. Ti år seinare byrja samfunnsforskaren Eilert Sundt å skrive om drukning som noko ein kunne unngå. I sin artikkelserie «Paa Havet» i Folkevennen, set Sundt søkelyset på problema rundt sikkerheit og fiske. Han var særleg oppteken av at fiskarane måtte lære å symje. Sundt meinte at dei fleste drukningane kunne vore avverja om fiskarane hadde vore symjedyktige. Men dette er fram i tid. Framleis var det mange som kom til å drukne unødig. Anne Margrethe vart enke i ein alder av 32 år. Borna var fire, tre, og eitt år gamle.
Eit vekstområde i Sunnfjord
I denne perioden, med rikt vårsildfiske, var det stor tilflytting til Kinn. Vårsildfisket starta omkring 1811, då byrja silda å vise seg etter å ha vore borte sidan 1750-talet. Vårsild var nemninga for vaksen gyteferdig sild som kom inn til kysten i korte periodar om vinteren. Som oftast berre ein gong, men om fiskarane var heldige, kom den tilbake ein gong til. Når silda var der, handla alt om få opp mest mogeleg frå havet. Kjeldene frå dei første åra er få, men det er tydeleg at frå 1830-åra og framover er det vårsildfisket som driv befolkningsveksten. Då vårsildfisket tok slutt, frå rundt 1872, vart det stagnasjon og tilbakegang i befolkningstalet.
Folk kom frå fleire områder for å ta del i fisket, men særleg var det folk frå indre delar av Sunnfjord, som Førde og Jølster, som trakk ut til kysten. Frå 1835-1875 dobla befolkninga i Kinn seg. I dei to siste folketeljingane, 1865 og 1875 er Florø ladestad rekna til Kinn, men sjølv utan at Florø vart rekna med, i 1835-1855, var det ei solid auke i folketalet i Kinn, omlag 47%. Det vart fiska etter ulike slag ute på Kinnahavet og mellom øyene; torsk, laks, hummar med meir, men det var vårsildfisket som gav sterkast utslag økonomisk. Vårsilda vart nytta til eige bruk, og til sal. Etterkvart vart det satt opp fleire hundre saltebuer i Kinn.
Silda gav pengar i lomma, også for kvinnene. Kvinnene arbeidde som ganejenter, med reinsking av fisk og nedlegging i tønner. Dei deltok òg i produksjon og vøling av garn. I tillegg kunne øybuarane tene litt på å leige ut hus til fiskarane. Fiskarane var villige til å bu trongt, så lenge dei fekk tak over hovudet. På grunn av dei mange saltebuene på Skorpa, fleire i utkanten av eigedommen, hadde garden ei sentral plassering med tanke på losji til fiskarar. Det ser ut som Anne Margrethe klarer seg greitt dei første åra etter at Alexander døyr, i alle høve er garden framleis i familien sitt eige.
Forandringar i familien
Godt og vel tre år etter at Alexander døydde, gifta Anne Margrethe seg med Ole Rasmussen Fladjord frå Jølster. Bryllaupet stod den 24. juni 1855. I oktober 1855 vart dottera Anne Madsie fødd, sidan kom Johannes Andras i 1857, og Nils Elias i 1859. No var det ei stor barneflokk på garden, seks i alt. Truleg var Ole Rasmussen Fladjord ein av dei mange som kom frå Jølster for å tene pengar ute på øyene, «Kom til Kinn og bli rik», brukte folk å seie.
Vi veit ikkje om Ole var ein dugande fiskar eller gardbrukar, men det kan sjå ut som det kneip med økonomien. Han tok avgjersla om å selje garden, og bli buande der som leiglending. Anne Margrethe hadde klart å behalde garden då ho var aleine i tre og eit halvt år, men no vart dei altså leiglendingar. I 1860 vart garden seld, Lars var framleis eit barn, så kva han meinte om det spela lita rolle. Vi veit ikkje kvifor dei tok dette valet, det kan ha vore eit lån som var tungt å betene. Ole Rasmussen var den myndige på garden, gifte kvinner var ikkje myndige på denne tida, så det var Ole som tok den endelege avgjerda. Livet fortsette truleg som før, men no betalte dei leige for å bu og bruke Skorpen.
Ole Rasmussen valde å branntrygde våningshuset i 1861, og vi finn difor detaljert informasjon om husa på garden i arkiva. Dei bur i ei stove som heng saman med ei anna stove, og det er eit lågare tilbygg. Hovudbygget har loft, med utvendig trapp opp. Grunnflata på det heile er cirka 40 kvadratmeter. Sidefløya har eldstad, men ikkje hovudstova. Bygningen er tømra og bordkledd, og i tillegg oljemalt. Taket er tekt med torv. Dei har eldhus, og fleire andre hus på garden, dei fleste har eldstad. Til saman er det seks hus, og i tillegg er det fjøs og låve.
Seinare same året, den 16. mai 1861, døyr Ole – berre 38 år gammal. Dødsårsaka er ikkje gitt i kyrkjeboka. No sit Anne Margrethe att som enke med seks born, den yngste berre 1 ½ år gammal. Denne gongen har ho dei eldste til hjelp, Lars er snart 14 år, så ho er trass alt litt betre hjelpt enn første gongen ho vart enke.
Folketeljingane 1865 og 1875 – borna veks til
I folketeljinga frå 1865 kan vi lese at Anne Larsdotter, 38 år, er «husmoder», enke, og «gaardbruger leilænding» på Skorpen. Sonen Lars Alexandersen på 18 år «styrer Moderens gaardsbrug». Vidare finn vi Rakel Alexandersdotter, 17 år, Henrikke Alexandersdotter, 16 år, og dei yngre Anne Madsie (11), Johannes (9), og Niels (6), dei tre siste frå andre ekteskapet. Dei tre eldste må reknast som fullverdig arbeidskraft, og i tillegg har dei ein tenestekar, Ole Olsen, 35 år, frå Førde. På garden dyrkar dei havre og poteter. Dei har ein hest, ti kyr, femten sauer og ein gris. Dei kan ha hatt fleire dyr i løpet av året, for teljinga er status per 31. desember. Slakt til jul vart ikkje rekna med!
Det vi kan sjå er at det ser ut til å stå bra til, og det er nok av arbeid på garden. Hadde det ikkje hadde vore det, hadde neppe Rakel og Henrikke framleis budd heime, men arbeidd på andre gardar. Det var framleis mykje aktivitet i forbindelse med fisket. Vi må rekne med at dei var involverte der og. Kanskje kunne Rakel og Henrikke tene pengar som ganejenter i sesongen, dei trong berre gå til yttergrensene av garden for å kome til ei av dei mange saltebuene som låg på Skorpa på denne tida.
Ti år fram i tid ser vi at dei fleste borna framleis bur heime. På garden har dei no ein anna tenar, Mari Olsdotter frå Kinn, ho er kun 12 år. Vi ser no at dei satsar litt meir på jordbruket på garden, med meir dyrking og heile 25 sauer. Sonen Johannes Olsen derimot, oppheld seg på garden Housken i Hjelmeland prestegjeld, Rogaland, der han losjerer og arbeider som «skolelærer, almueskolelærer». Lars Alexandersen er heller ikkje heime. Han bur framleis på Skorpen, men er for tida på Lofotfiske. Vi kan sjå i denne folketeljinga at fleire frå Kinn har reist oppover mot Lofoten for å fiske dette året. I 1875 var det slutt på det gode vårsildfisket, og folk visste av erfaring at når silda først vart borte, kunne det vere tiår til ho kom tilbake. Det var framleis gode pengar å tene på å vere fiskar, men fiskarane måtte finne nye «jaktmarker». Båtane var dei same som på midten av 1800-talet, det var vanleg med femkeipingar og sekskeipingar, opne båtar med fem eller seks par årer. Dei hadde segl på båtane, men turen nordover til Lofoten var både lang og risikofylt i slike små opne farkostar.
I 1875 stod det betre til på Skorpen enn på mange andre gardar, men borna veks til, og dei måtte tenke på kvar dei kunne finne ei framtid.
Dei som drog
I juni 1871 flyttar den 21 år gamle Henrikke Alexandersdotter Skorpen til Bergen for å arbeide som «tjenestepige» hos skipskaptein Krohn. I Kinn hadde det vore meir tilflytting enn fråflytting i dei gode tidene då vårsildfisket var rikt, men i byrjinga av 1870-talet snur dette. Henrikke var i forkant av denne bølga, men fleire av søskena skulle følge etter. Vi ser at Henrikke er tilbake på Skorpen i 1875, men så flytter ho ut igjen.
Henrikke møtte Mons Olai Larsen Sellevold frå Alversund nord for Bergen, og dei gifte seg der i 1877. Dei får fire born, alle fødde i Alversund. Den førstefødde Anna Maria, døyr omlag 1 1/2år gammal. Den neste dottera, fødd omlag eit år seinare, vert òg døypt Anna Maria. Seinare flyttar heile familien til Bergen, og Henrikke og Mons Olai vert buande der resten av livet.
Anne Madsie Olsdotter Skorpen er Anne Margrete Skorpens fjerde barn, og det første barnet i ekteskapet med Ole Rasmussen Fladjord. Den 4. januar 1877 gifter ho seg med sjømannen Bertel Bertelsen Matland frå Avaldsnes i Rogaland. Han har truleg vore innom Skorpa nokre vender i arbeids medfør, og slik har dei vorte kjende. Då dottera Alberta Sofie vert fødd på Skorpen 19. september same år, står Bertel Bertelsen også oppført som sjømann. I mai 1878 finn vi dei innflytta til Ålesund.
Etter at dei flyttar til Ålesund kjem åtte born til. To av døtrene døyr som barn, men sju av flokken veks opp. Bertel har ulike titlar gjennom tida. Høgast på strå er han i 1900-teljinga, då han er registrert som «jægteskipper». Familien vart buande i Ålesund.
Johannes Andreas Olsen Skorpen, skulle og bli ein av dei som forlét garden og øya for å gjere noko heilt anna enn å fiske. Først underviser han i krinsskulen på dei ulike øyane. Han reiser vekk ei stund, og i 1883 er han tilbake, då gifter han seg med Oleanne Sofie Mathiasdotter frå Domben, som ligg på øya Hovden i Kinn, og det ser ut til at det var der dei busette seg. Dei vert buande i nokre år, og Johannes held fram med å vere krinsskulelærar. Dei to eldste borna vert fødde i Kinn, den siste er Dorothea, som er fødd i 1885. Frå 1887 finn vi Johannes og familien i Norderhov i Buskerud. Dei fem neste barna, vart fødde der, og han arbeidde framleis som lærar. Seinare flytta familien til Bærum, der han blant anna var tilsett på Lysaker skule i Bærum. Den eldste dottera, Dorothea, vart og lærar.
Nils Elias Olsen Skorpen, er yngste barnet til Anne Margrete og Ole. Nils Elias er omlag 1 1/2 år då faren døyr i mai 1861. Han gifter seg i 1883 i Kinn, med Augusta Pauline Iversdotter frå Fosnes herred i Nord-Trøndelag. To år etter finn vi Nils Elias og Pauline i Fosnes herred, der dei etter kvart får seks barn. Dei får to barn til, fødde i Namsos, der Nils Elias arbeider på eit sagbruk.
Lars og Henrikke på Skorpa
Lars var den førstefødde, men den siste som gifta seg. Han var førti år då han i 1887 gifta seg med den 24 år gamle Andrea Karine Larsdotter Valvig. I 1891-teljinga finn vi dei med den eldste dottera, Larine, og tvillingane Leonard og Anton. Mora til Lars, Anne Margrethe er no registrert som «logerende». Søstera Rakel er ikkje å finne i folketeljinga dette året, men på slutten av 1890-åra er ho tilbake på garden.
I 1897 døyr matriarken Anne Margrethe. Ho fekk sjå alle dei seks borna sine vekse opp på garden, men no er det berre Lars og Rakel som er att der. Same året ser vi starten på ei konflikt mellom søskena Lars og Rakel. Vi finn begge buande på Skorpen i 1900-teljinga, Lars med kone og sju born, og Rakel registrert som «tjener». Dette høver dårleg med at Lars i åra 1897-1901 årleg tok ut 120 kroner frå Rakel sin konto, til hennar «pleie og underhold», ein solid sum. Rakel er seint i 40-åra då dette byrjar. Saka vert omskrive i avisene, vi finn mellom anna ein kort notis i Nordre Bergenhus Amtstidene, og rykta går. Lars får støtte frå den lokale legen og fattigkommisjonen. Overformynderiet skriv til sorenskrivaren for å få Rakel umyndiggjord. Kva resultatet vart veit vi ikkje, men Rakel flyttar frå garden og vert fattigunderstøtta etter dette. Seinare dreg ho til Bergen, der ho døyr i 1918.
Ei ny tid – fiskarar på byrjinga av 1900-talet
Kvardagen til fiskarane i byrjinga av 1900-talet var vel ikkje heilt ulik den som hadde vore femti år tidlegare, men det var nokre andre rammer rundt. Framleis var fisket viktig for Kinn, men det var ikkje lenger ein straum av folk som trakk ut mot kysten slike det hadde vore tidlegare. Dei som fiska i Kinn no, var dei som hadde blitt verande. Fiskarane visste at etter dårlege år kunne det komme gode, slik hadde det alltid vore. Vårsilda var no tilbake, og Lars og sønene ville satse på fisket framover.
Dei nye fiskebåtane var større, hadde dekk og innanbordsmotor. Denne moderniseringa gjorde arbeidsdagen tryggare og betre for fiskarane. Dei gamle opne båtane var framleis i bruk, men gradvis vart fiskeflåten oppgradert. Andre åtgjerder bidrog også til auka sikkerheit. Under fisket vart det satt inn redningsskøyter. Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning vart stifta i 1891. Talet på redningsskøyter auka gradvis. I ei oversikt frå 1901 (som ikkje er fullstendig), står over tusen mann oppførte som «reddet» frå åra 1893-1901 (teljinga vart avslutta i juni 1901). Tusen mann er eit høgt tal, særleg når ein tek omsyn til ringverknadane døden til ein mann kan ha.
Mange fiskarar kunne framleis ikkje symje, sjølv om det no var ei auka merksemd rundt temaet. I ei bok utgjeve av Norges Livredningsselskap, skriv Louis Bentzen i 1914: «Det har gaat bra frem med svømmefærdigheten i vort land i de sidste aar; men endnu er der alt for mange som ikke kan svømme». I tillegg til praktiske åtgjerder vart det i 1908 innført ei lov om fiskartrygd. Det vil seie at yrkesfiskarane vart pålagd å betale inn ein premie slik at dei hadde ulukkesforsikring. Vi finn Lars og sønene Leonard og Anton registrert i fiskarmanntalet i 1909, som vil seie at dei var registrerte yrkesfiskarar, seinare skulle minst to av dei yngre brørne slå følgje.
Vi har sett at familien på Skorpa følgjer eit mønster som var vanleg mange stader i Noreg i denne perioden, men med ei viss forskyving i tid. I Kinn bidrog den omfattande aktiviteten knytt til fisket, og behovet for lokal arbeidskraft, til at fråflyttinga frå bygdene vart utsett samanlikna med andre område.