Stabbesteinar
Det var ei bru her for lenge sidan, Grøvlebrua, eller Grøvlabrui, over rannande vatn. Steinane med innhogde skriftteikn var to av fleire stabbesteinar. Elva eller grovi vart med tid og stunder turrlagd, og brua eller bruspennet bygd om, som eit stykke veg med undergang. Brua hadde namnet sitt etter to brør Grøvlen frå Guddalen i Sunnfjord som kom til Sogndal og tok til med landhandel i år 1889. Ei syster, Laura, styrte husholdningen.
1989 – «noko stemte ikkje heilt»
Fredag 1. desember 1989 hadde avisa Sogn og Fjordane stort oppslag om smed Nils Fjæren og smia hans midt i Sogndalsfjøra. Smeden kunne og fortelja noko om dei to stabbesteinane. - Det var far hans, smed Anders Fjæren, som hadde hogge innskrifta. Han brukte å hogga inn årstal og namn på stabbesteinar «rundt om i Sogndal».
Journalisten ynskte å sjå steinane, og saman rusla dei inn Fjørevegen. Nils såg straks at «noko ikkje stemte heilt». Det var byggjearbeid på gang; ein av steinane var borte. – Eg håpar inderleg dei ikkje har kasta dei, sa Nils. Han meinte begge måtte få stå «der dei høyrer heime.» Etter litt leiting fann dei den eine steinen nede ei grøft på andre sida av vegen.
Ei tid etter oppslaget hadde avisa «ei fortørna dame» på tråden. Ho var heilt «forferda» over det ho hadde lese, og etterlyste både kultursekretæren og kulturstyret. - På tide, meinte ho, at nokon såg til at stabbesteinane fekk «ei naturleg plassering der dei ein gong stod.» Og «nokon» må ha teke affære, om det enn ser ut til å ha teke si tid. I oktober 1991 melde Sogn og Fjordane at stabbesteinane var komne på plass, som vil seia der dei står pr. 2026.