Veghistoriske steinar i Fjørevegen, Sogndalsfjøra, Sogndal kommune. Ved Fjørevegen 21, utsyn innover/austover.
Datering
2026
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Veghistoriske steinar i Sogndalsfjøra

Fjørevegen i Sogndalsfjøra har to veghistoriske steinar. Dei står i fortauskanten og såleis kloss i vegen. På den eine står innhogge årstalet 1901, på den andre Grøvlen Bro. Å sjå til er det inga bru her, over vassfar; elv, å eller grov. Men det er ein vegundergang på staden, for fotgjengarar og syklistar. Så kva er historia til steinane?

Stabbesteinar

Veghistorisk stein i Fjørevegen, Sogndalsfjøra, Sogndal kommune. På den eine er det innhogge Grøvlen Bro.
Datering
2026
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Det var ei bru her for lenge sidan, Grøvlebrua, eller Grøvlabrui, over rannande vatn. Steinane med innhogde skriftteikn var to av fleire stabbesteinar. Elva eller grovi vart med tid og stunder turrlagd, og brua eller bruspennet bygd om, som eit stykke veg med undergang. Brua hadde namnet sitt etter to brør Grøvlen frå Guddalen i Sunnfjord som kom til Sogndal og tok til med landhandel i år 1889. Ei syster, Laura, styrte husholdningen. 

1989 – «noko stemte ikkje heilt»

Fredag 1. desember 1989 hadde avisa Sogn og Fjordane stort oppslag om smed Nils Fjæren og smia hans midt i Sogndalsfjøra. Smeden kunne og fortelja noko om dei to stabbesteinane. - Det var far hans, smed Anders Fjæren, som hadde hogge innskrifta. Han brukte å hogga inn årstal og namn på stabbesteinar «rundt om i Sogndal». 

Journalisten ynskte å sjå steinane, og saman rusla dei inn Fjørevegen. Nils såg straks at «noko ikkje stemte heilt». Det var byggjearbeid på gang; ein av steinane var borte. – Eg håpar inderleg dei ikkje har kasta dei, sa Nils. Han meinte begge måtte få stå «der dei høyrer heime.» Etter litt leiting fann dei den eine steinen nede ei grøft på andre sida av vegen.

Veghistorisk stein i Fjørevegen, Sogndalsfjøra, Sogndal kommune. Årstalet 1901 er innhogge.
Datering
2026
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Ei tid etter oppslaget hadde avisa «ei fortørna dame» på tråden. Ho var heilt «forferda» over det ho hadde lese, og etterlyste både kultursekretæren og kulturstyret. - På tide, meinte ho, at nokon såg til at stabbesteinane fekk «ei naturleg plassering der dei ein gong stod.»  Og «nokon» må ha teke affære, om det enn ser ut til å ha teke si tid. I oktober 1991 melde Sogn og Fjordane at stabbesteinane var komne på plass, som vil seia der dei står pr. 2026.