Pernille Caroline Pedersdotter Strand - ei emigranthistorie

Pernille Caroline Pedersdotter Strand står på Festningskaien i Bergen med fire av døtrene sine, dei skal til Amerika. Det er den 22. februar 1901. Pernille er gift kone, «dixelmands [1] hustru», står det i emigrantprotokollen. Dei har oppgjeve at målet er Rio, Wisconsin, der søstera til Pernille allereie er busett. Det er nærliggande å tru at mannen, Ole A. Madsen Kvalstad, har drege i førevegen, eller at han skal reise seinare. Det skal vise seg å ikkje vere tilfelle.

 

Oppveksten til Pernille

Pernille Pedersdotter er fødd i Jølster den 5. februar 1853. To år tidlegare gifta faren, Peder Colbeinsen, seg med si andre kone, Brita Nilsdotter Sandal. Inn i ekteskapet tok Peder med seg fem born, den yngste, sonen Moses, var berre to år gamal. Før Pernille vart fødd får Peder og Brita ein son i 1852 som var dødfødt. Etter Pernille får dei Cathrine i 1854 (ho døyr tre månader gammal), så vart Andreas fødd i 1856, og til slutt Caroline i 1858.

Pernille, som antakeleg er oppkalla etter Peder si første kone, Pernille Andersdotter Eikaas, vaks opp på Strandsvollen, ein bygsla plass under garden Strand på sydsida av Jølstravatnet. Det var nok smått stelt. Peder er nemnt som smed då han gifter seg andre gongen, men etter kvart får han hjelp av fattigkommisjonen fleire gonger, så det ser ut til at han ikkje klarer å livnære seg på eiga hand.

Då Pernille er tretten år gamal, i 1866, druknar halvbroren, Johannes Andreas, på fiske utanfor Kinn i Sunnfjord. Det er vanskeleg å seie kor mykje kontakt søskena har hatt i oppveksten. I 1865 finn vi berre Andreas (fødd 1856), og Caroline (fødd 1858), saman med Pernille og foreldra i heimen på Strandsvollen. 

Ungdomsåra i Bergen

I 1867 vert Pernille konfirmert, og i 1870, som 17-åring, finn vi henne i Bergen. Vi veit ikkje kor mykje kontakt ho har med søskena som blir att i Sunnfjord seinare. Broren, Andreas, blir i Jølster og døyr ung, 20 år gamal. Halvbroren Ludvig held seg i Førde-området, der han er gardsarbeidar. Han gifter seg aldri. Halvsøstera Nikolaia gifter seg i Vevring, og får to døtrer.

Pernille arbeider i 1870 som tenestejente hos handelsmannen Johannes M. Henne i eit hus i Muségaten (no kalla Kaigaten), sentralt i Bergen. I 1875 er to hendingar verdt å nemne, Pernille gifter seg med Ole Andreas Madsen Kvalstad, og halvbroren hennar, Anders Johannes, er pasient på Lungegaardshospitalet. Dette er eit leprahospital, så truleg kom han ikkje derfrå nokon gong. Etter kvart kjem det born i ekteskapet til Pernille og Ole, og halvbroren Moses, som no også bur i Bergen, er fadder til den førstefødde og den sistfødde. Så vidt vi veit blir Moses verande i Bergen, der han får i alle fall fem born med kona Karoline.

Ekteskapet og familien

Pernille og Ole får åtte born:

  • Peter Marius (1876)
  • Anna Berentine (1878)
  • Inga Amalia (1881)
  • Olufine (1882)
  • Petrine Josefine Helene Pernille (1886)
  • Bertea Konstanse (1889)
  • To døtrer døypte Ragna Louise (1893–1894 og 1895–1896) som begge døyr som småbarn. 

 

I 1882 dreg den yngste søstera til Pernille, Caroline, til Amerika, nærare bestemt Rio, Wisconsin. Det sådde kanskje eit frø hos Pernille, det er i alle fall dit Pernille seier dei er på veg når ho og døtrene emigrerer. Før vi kjem så langt finn vi Pernille og døtrene i Bergen i 1900 (folketeljinga). Mannen hennar er som kjent dikselmann, Pernille er registrert som hustru og «sypige», Anne den eldste er og «sypige» og i tillegg «strygerske». Olufine er og registrert som «strygerske», medan dei to yngste går på skulen. Inga Amalia er ikkje i heimen ved folketeljinga. Den vi derimot finn er Magnus Øyen, ein losjerande skreddar, som Anne gifter seg med nokre månader seinare. 

Emigrasjonen til Amerika

Den 22. februar 1901 legg Pernille og fire av døtrene ut på reisa. Frå Bergen går ferda til Hull i England, vidare med dampskipet Ultonia frå Liverpool, før dei når Boston den 12. mars. Etter kvart finn vi dei spreidde rundt i Wisconsin. Faren, Ole, kjem aldri etter.

Kva skjedde med Ole?

Kva skjedde eigentleg? Vi får litt av svaret då Ole dukkar opp i Kopervik, Rogaland, i 1909, der han inngår ekteskap med Anne Marta Hansdotter Midstokke. Ekteskapet med Pernille har vorte oppløyst ved kongeleg resolusjon!

Ole Madsen fortel følgande historie, som er sitert i vedtaket: Pernille forlét han utan forvarsel då han var ute på sildefiske. Ho selde møblane, og Ole høyrde ingen ting frå henne eller døtrene sidan. I følgje Ole hadde ho før dette kome i «daarlig selskab» og stadig vore borte frå heimen, slik at han leid mykje. Ole har to vitne på at han ikkje har gjeve «hustruen skjellig grund til at forlate ham». Kva Pernille sin versjon er veit vi ikkje, men det skal seiast at den eldste dottera som ikkje drog saman med Pernille i februar, drog til Amerika med mannen sin Magnus Øyen dagen etter at dei gifta seg. Anna Berentine og (Paul) Magnus gifta seg i Korskirken 1. mai 1901, og er registrerte i emigrantprotokollen neste dag. Det vi veit er at alle søstrene og mora budde saman eller hadde kontakt då dei kom til Wisconsin.

Livet i Amerika

Familien vart altså delt. Den eldste sonen til Pernille og Ole, Peter Marius, gifter seg  med Johanne i Bergen. Etter kvart kjøper dei seg ein gard i Os. Dei fekk ikkje eigne born. Alle dei fem døtrene som drog over til Amerika fekk born. Fire av dei gifta seg i Wisconsin. Det er litt uklart kor mange barnebarn Pernille enda opp med, men talet er rundt 17. Inga Amalia fekk fire born, men døydde ung, i 1915. Dei tre yngste  borna hennar vart adopterte bort. Det kan sjå ut som om søstera Bertea overtok ansvaret for Inga si yngste dotter, Elisabeth Marcelle (f. 1912), men her er det tynt med kjelder.

Livet i Wisconsin som del av det store norsk-amerikanske samfunnet og diaspora ser ut til å ha vært vellukka for Pernille og familien. Dei arbeider, og dei er aktive i foreiningslivet. Anna Berentine og Magnus driv skreddarforretning, og dei bur i gangavstand til Pernille i Baraboo, Wisconsin, viser folketeljinga frå 1930. Då Pernille døyr i Baraboo i november 1931, 78 år gammal, har ho hatt ein stor og innhaldsrik del av livet sitt i Amerika.

Image
Pernille og døtrene i Amerika på starten av 1900-talet.

[1] I følge Det Norske Akademis ordbok er ein dikselmann ein bødkerutdanna arbeidar som etterser fisketønner – altså sjekkar kvaliteten på innhaldet og stenger tønna igjen.

 

  • 1910, 1920, 1930 og 1950 United States Federal Census, Wisconsin, USA. Tilgjengeleg frå: https://www.ancestry.com/ (gjennom abonnement)
  • Bergen politikammer, Emigranter til Amerika, 1899–1902. Tilgjengeleg frå: Digitalarkivet
  • Folketeljingar for Jølster, Bergen og Førde, ulike årstal. Tilgjengeleg frå: Digitalarkivet
  • Førde sokneprestembete, Klokkerbok nr. E 3, 1908–1940. Tilgjengeleg frå: Digitalarkivet
  • Jølster kommune, Møtebok for fattigstyret, 1861–1900. Fylkesarkivet i Vestland
  • Klakegg, Anders O. (1985). Bygdebok for Jølster. Ættesoge 1801–1974. Jølster kommune – Kulturstyret
  • Ministerialbøker frå Kinn, Kopervik og Sandviken sokneprestembete. Tilgjengeleg frå: Digitalarkivet
  • S/S Ultonia, Cunard Line, avgangar og ankomst 1889–1917. Tilgjengeleg frå: https://www.norwayheritage.com
  • Shoemaker, Amanda. Personleg kommunikasjon, 16. januar 2025.
  • Solli, Arne. Personleg kommunikasjon, 20. januar 2025.
  • U.S., Find a Grave® Index, 1600s–Current. Tilgjengeleg frå: https://www.ancestry.com/ (gjennom abonnement)
  • Wisconsin, U.S., Death Records og Marriage Records, 1872–2004. Tilgjengeleg frå: https://www.ancestry.com/ (gjennom abonnement)