Otterstadstølen, også kalla Granheim, er ein av to stølar under garden Otterstad. Den andre er Leitet, som ligg lenger oppe i same dalen. Den naturlege granskogen på Otterstadstølen har ord på seg for å vera den vestlegaste i landet. Rett nok finst det naturleg frødd gran lenger vest, men desse tresamlingane er så små at dei ikkje kan reknast som skog. Ved Otterstadstølen veks grana frå 200 til 420 moh. Det finst gran høgare òg, helst som seintveksande låge tre og buskar. I dei bratte liene kring stølen er det tettvaksen skog med store tre. Somme av dei er kanskje så mykje som 150 år gamle. Rotvelter har skapt opningar som gir godt med lys og liv til skogbotnen.
I granskogen veks det helst bregnar og lyng. Dei fleste stader kan ein finna hengjeveng, fugletelg og blåbær. Store mengder med bjønnkam og smørtelg fortel oss at skogen høyrer til eit distrikt med fuktig kystklima. Det er ikkje berre på Vestlandet det veks granskog under slike klimatilhøve. Vi finn mykje granskog heilt ute ved kysten i delar av Trøndelag. I den trønderske granskogen veks det ei rekkje artar av lav som er bundne til kystgranskog. Enkelte av dei, groplav til dømes, veks på tynne greiner av gran også i skogen ved Otterstadstølen. I dette området finn vi altså artar som er sjeldne på Vestlandet, nettopp fordi det er så lite naturleg granskog i landsdelen.
Studiar av pollen nede i jordlaga tyder på at grana kom til Otterstadstølen for mindre enn 400 år sidan. Spora etter grana er yngre enn spora etter menneske i dette stølsområdet. Det er derfor nærliggjande å tenkja seg at skogen har opphav i menneskeleg aktivitet. Kanskje var det med vitende og vilje, men det kan òg ha skjedd ved at stølsfolket hadde med seg konglar, og at frø ramla ut og sådde seg sjølve. På den tida var det granskog på Voss, og mest sannsynleg er det denne som er opphavet til granskogen ved Otterstadstølen.