Ramsøy med restar etter dei tyske artilleristillingane (Svein Nord)

Ramsøy with the remains of the old artillery positions.

Ramsøy med restar etter dei tyske artilleristillingane (Svein Nord).

Ramsøy

VARDEVAKT

«Det høyrdest ved nott eit dunder på dør, og husbonden vaknar, spring ut og spør: Kven er det som belar? Jau no lyt du ut, for varden lyser på Høgenut. Og kvar mann visste i same ande, at no var det kome ufred til landet.»

DET TYSKE KYSTFORTET PÅ RAMSØY

I diktet Vardevakt skildrar Per Sivle meisterleg den angst og uhyggje som spreiddest i heimane når ufredsbod kom. Folket i Hordaland har gjennom meir enn 1500 år vore vel budde på trugsmål frå fiendar. Mange minne etter forsvarsverk og varslingssystem frå farne tider finst framleis her i fylket. Innanfor Askøy kommune finst bygdeborg frå jernalderen, vete frå mellomalderen og nyare tid, og festningsanlegg frå vårt eige hundreår.

I 1941-42 bygde den tyske hærmakta omfattande kystartilleristillingar på Ramsøyi. Saman med sju andre anlegg var anlegget her ein del av ‘Artillerigruppe Hjeltefjord’, med landkvarter på Skurtveit på Holsnøy. Batteria vart bemanna med avdelingar som var organiserte og sette opp i Stuttgart. Ramsøybatteria hadde fire kanonar med ei rekkevidd på 14 000 meter og dekte Hjeltefjorden nordover til Merkesvik og Blomvågen. Idag er restane etter festningsverka på Ramsøyi dei best bevarte av dei mange tyske forsvarsanlegga i Askøy.

Ved midten av 900-talet delte Håkon den gode alt land ved kyst og fjord i skipreider, som i ufredstider skulle rusta ut kvar sitt langskip. Han baud òg at det skulle skipast eit varslingssystem av vetar eller vardar på nutar og andre stader som var synlege på lang lei. I ufredstider skulle det setjast ut vetevakt, og vetane skulle kveikjast når fiendar nærma seg. Gulatingslova har detaljerte føresegner om veteordninga.

 

Vetane låg i ei rekkje frå svenskegrensa i søraust til Hålogaland i nord, men det var veterekkjer også innover i fjordane, etter kvart også vidare innover i landet.

 

Vetane var gjorde av kløyvd langved, reist opp som ei kjegle. Når det vart sett eld på veten, skulle bålet vera synleg for vaktene ved neste vete og vera signal til desse om å senda eldbodet vidare. Soga seier at på denne måten kunne krigsbod gå frå landsende til landsende på 7 dagar.

 

Siste gongen vetane var i bruk, var i krigen 1807–08 og i 1814. I 1807 gav futane påbod om at dei gamle vetane, som var i forfall etter den lange fredsbolken, skulle setjast i stand, og vakthald skulle organiserast. Skrivet frå futen Budtz finst framleis, difor har vi fullstendig oppgåve over dei 9 vetane i Sunnhordland og Hardanger frå desse ufredsåra. Påbodet frå futen i Nordhordland og Voss vantar, men tradisjonen kjenner dei fleste av desse vetane òg.

 

På Lyderhornveten, som skulle lysa over Bergen, vart den første vardevakt under ufreden 1807–08 sett den 22. september 1807. Losar frå Bergen fekk ansvar for vakthaldet.

  • Olafsen, O. (1915) Viter eller Varder i Hordaland. Hardanger, s. 21-25.

Sjå også

Andre stader i kommunen