Bergenskjøpmannen Jan von der Lippe var den siste eigaren av heile Follese gard. I 1756 selde han eigedomen til fem av leiglendingane. Dei andre brukarane i bygda vart bygselmenn under dei nye eigarane. Bruket Træet vart delt i Nordre og Søndre Træ. Den siste bygselmannen i Træet var Kristoffer Rasmussen og kona hans, Ana. Då Kristoffer døydde i 1955, hadde han ingen livsarvingar. For å sikra husa på den gamle husmannsplassen og dei fine naturkvalitetane i området, vart Follese heimbygdlag skipa. På eigedomen er det våningshus, saueflor, naust og jordkjellar. Den gamle husbunaden i stova frå slutten av 1700-talet gjev oss eit lite nærbilete av levekåra til ein fiskar og småbrukar rundt år 1900. På veggen heng originalteikninga «En stril» av Hans Dahl.
Navigasjonssti
- Heim
- Midthordland
- Askøy
- Træet