Ei uvanleg bruksendring av ei bossfylling var det. Den einaste som kanskje ikkje var så glad for utviklinga, var hubroen som heldt til i nærleiken. Rottene, kråkene og måsane som hubroen henta frå fyllinga, var kanskje ikkje helsekost, men det var lettvint tilgang på mat året rundt. At hubro etablerer revir ved slike stader, er velkjent frå mange andre norske søppelfyllingar. Ei tildekking av ei gammal bossfylling – ingen veit heilt kva som løyner seg her – er inga enkel løysning. Bølgjene har i ettertid vaska fram att noko av bosset. Sedimenta på sjøbotnen inneheld òg miljøgifter, og lokalt er fisk og skjel ureina. Sjølv om området no blir nytta til bading, er det heilt klart trong for nye og kostbare tiltak for å betra tilhøva.
Det finst for høge verdiar av fleire miljøgifter i fjordsystema kring Bergen i dag. Det er derfor ikkje lov å omsetja enkelte fiskeslag som er fanga i dei mest utsette farvatna. Gamle miljøsynder ved tidlegare fyllingar i Bergensområdet er ei viktig årsak til dette. Nye undersøkingar ved Kollevågen har synt at giftstoffa ikkje spreier seg langt. Likevel er det viktig å utbetra tilhøva også her. I 2005 vart det gamle avfallsdeponiet på nytt tildekka og det er no planar om å utbetre tildekkinga på nytt. Bergen og Omland Friluftsråd, som driv friluftsområdet, reknar Kollevågen som eit av dei flottaste friluftsområda i regionen i dag.