Hesjedalselva (Helge Sunde)

Hesjedals waterfall

Hesjedalsfossen

Før istidene rann Hesjedalselva roleg ut og møtte elva der Eidsfjorden ligg no. Under istidene grov breen mykje djupare i Eidsfjorden enn i Hesjedalen. Det er årsaka til at den elles så flate Hesjedalselva no styrtar utfor den 80 meter høge Hesjedalsfossen i møtet med Eidsfjorden. Fossen til høgre er kunstig for å minka vasspruten frå den naturlege fossen. Avløysaren kom då brua og vegen vart bygde. Anlegget stod ferdig i 1930. 

Andre stader i kommunen