Gardfjøs
Gardfjøs er nemninga på sommarfjøs som ikkje låg så langt frå garden eller gardsbruka. Det var små hus kyr eller geiter vart tekne inn i når dei skulle mjølkast. Staden Kleivane med fleire gardfjøsar var i røynda vårstøl til Totlands-bruka. Når det lei ut i juni buforde dei til sommarstølane sine.
No står det att murar etter ein fjøs bygd av stein og ein godt bevart fjøs med bjørnesikring framfor døra.
The "gardfjøs" at Kleivane, built in the cog-joint style, with a door in the centre of the end wall.
Bjørnesikring framfor døra
Bjørnesikringa var ei forsterking av døra. På kvar side av døra var sett opp ein stokk med eit ope spor inn mot veggen. Ned i desse spora vart lagt tjukke bord eller plank, den eine oppå den andre, heilt opp. På denne måten vart døra dekka heilt til og sikra mot innbrot av bjørn.
Også andre stader i Vågsøy finst restar etter gardfjøs med same type bjørnesikring, t.d. på Nave.
Soge om nærgåande bjørn
Det gjekk ei soge om ein bjørn som kom og ville gå til åtak på dei som var på Kleivane og stelte kyrne. Ei av budeiene var snarrådig. Ho fann ein neverkrull, sette fyr på og stakk den borti bjørnepelsen som begynte å brenne. Bjørnen vart skremd og sette i veg ned mot elva. Ved Stomnevikane sprang han ut i dammen, og der enda han sine dagar.
The door with bear protection. Between the vertical boards on either side of the door there were openings so that boards could be placed horizontally to prevent bears from breaking in.