Prestgardstunet i Selje slik det var på 1930-talet. 

The vicarage yard at Selje as it looked in the 1930s.

Fotograf
Normanns kunstforlag
Eigar
Nasjonalbiblioteket
Lisens
PDM

Selje prestegard

Prestegarden i Selje har tradisjonar attende til middelalderen og er nemd i skriftlege kjelder fyrste gong kring 1350. Det gamle namnet på garden var Hove.

Hovudhuset

I katolsk tid budde presten på garden Bø på Selja, men etter reformasjonen (1536) er det Hove som har vore prestegard. Hovudhuset vart reist av allmugen 1782-1784. Det er ein lafta tømmerbygning i to etasjar og utvendig kledd med liggande panel. Huset har saltak med lite utspring. I første høgda er det fire stover, kontor og kjøken, i andre høgda sju soverom. Opphavleg var bygningen raudmåla og hadde torvtak og blyinnfatta vindauge. I 1840 vart det sett inn storruta vindauge og lagt teglstein på taket. Samstundes vart huset måla kvitt. I 1939 vart huset utbetra under oppsyn av ein konservator frå Riksantikvaren. Mellom anna vart det då grave ut og mura kjellar under heile huset. Under dette arbeidet vart det funne restar etter eldre hus samt merke etter påbygging.

Prestegarden i Selje ligg fint til innerst i Seljevågen. Huset kalla Skulen er det kvite huset til venstre for hovudhuset. Heilt til venstre i biletet ligg Frimannsbuda, som Selje Hotell no eig, men som tidlegare var presteeige.

The Selje vicarage has a fine location in the innermost part of the bay of Seljevågen. The house called 'Skulen' (the school) is the white building to the left of the main building. To the far left in the picture is the house called <i>Frimannsbuda,</i> , today owned by Selje Hotell, but was previously owned by the vicar.

Datering
2001.
Fotograf
Borgny Dam-Nielsen.
Eigar
Borgny Dam-Nielsen.

Dei andre husa i prestegardstunet

Då her vart drive jordbruk og fiskeri, skal det ha vore om lag 25 hus på prestgarden. Kring prestegardstunet ligg det i dag 6 bygningar som til saman dannar eit interessant miljø av stor kulturhistorisk interesse. Alle bygningane vart freda av Riksantikvaren i 1991.

Stabburet er eit tømra bur av vestlandstype i ein etasje. Huset står på stabbar av tre og gråstein. Det har klokketårn på taket. Ein veit ikkje kor gamalt det er, og kjenner heller ikkje alderen på vedskjulet, men truleg er det frå same tid som hovudhuset. Eldhuset er truleg det eldste huset på garden. Det er oppført i stavkonstruksjon. Innvendig er golvet hellelagt og der er spor etter ein stor, gamal bakaromn på nordveggen. Eldhuset vart brukt til grovare matlaging, som brygging og baking. Ei hus kalla Skulen ligg på nordsida av hovudhuset. Huset har to etasjar, liggjande utvendig panel, torvtak og to inngangsdører. Bruken av huset har variert gjennom tidene. Heilt opp til nyare tid vart Skulen nytta til konfirmantundervisning. Huset vert også kalla Hønseloftet. Borgstova skal òg vere frå same tid som hovudbygningen. Det er eit lite tømmerhus i ein etasje. I tidlegare tider vart huset brukt som paktarbustad.

Prestegardshusa år 2001

Hovudbygningen er i dag bustad for soknepresten i Selje. Eigedomen er statseigd. Like til i 1958 var det ti husmannsplassar under Selje prestegard.

Segn eller sanning?

I gamal tid var det ofte slik at når ein ung prest tok over eit sokneprestembete etter ein avdød kollega, tok han gjerne òg over enkja etter forgjengaren sin. Maren Søffrensdotter Friis var først gift med Isak Jørgensson som var prest i Selje til han døydde i 1647. Deretter vart ho gift med alle dei tre etterfølgjarene hans.

I 1668 kom den 33 år gamle Peder Nilsson Harboe som prest til Selje. Etter slik det før hadde vore, skulle han då òg ha teke over presteenkja, men det vart det ikkje noko av. Segna fortel at Maren vart så harm over å verte vraka at ho i raseri sette fyr på arkivet i prestegarden. Dette skal såleis vere grunnen til at arkivet frå klostertida er borte.

Sommaren 2024 opna Selje prestegard for overnatting. Hovudhuset frå 1784 er pilegrimssenter og turistinformasjon, og frå 2024 kan ein også overnatte i eitt av fire dobbeltrom eller på sovesal med fire senger. 

Selje pilegrimssenter i Selje prestegard er eitt av fire pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. Eit pilegrimssenter har til oppgåve å rettleie og informere pilegrimar på vandring, og andre som vil nytte seg av pilegrimsrutene. Andre pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia er Avaldsnes i Rogaland, Bergen og Smøla.

 

Image
Heimesida til Selje prestegard 2024

 

Kjelde: Fjordablandet 18.06.2024

  • Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band I. Oslo 1957.
  • Selje kommune, kommunearkivet, reiselivskontoret sitt akiv:
  • Opplysningstavle ved innkøyrsla til Selje prestegard
  • Selje kommune, kulturkontoret sitt arkiv:
    • Brev frå Riksantikvaren, 15.11.1991: Selje prestegård - gnr. 56 bnr. 1-Selje kommune. Fredning med hjemmel i Kulturminnelovens §15.