Lasta tankskip var primærmål for tyske ubåtar i Karibien. M/T Kongsgaard, Gowart Olsen, Stavanger, vart torpedert av den tyske ubåten U 502, 21. februar 1942, kl. 09.12, på veg frå Curaçao lasta med 15 600 tonn lett råolje. Sju mann vart berga, 37 omkom, mellom dei Petter Eltvik. (Biletet syner ikkje "Kongsgaard").

Tankers were the primary targets for German submarines in the Caribbean. The MT Kongsgaard, owned by Gowart Olsen, Stavanger, was torpedoed by the German submarine U 502, on 21 February, 1942, at 09.12, on her way from Curaçao loaded with 15 600 tonnes of light crude oil. Seven men survived, 37 lost their lives, among them Petter Eltvik. (The picture does not show Kongsgaard).

Datering
Ukjent.
Fotograf
Ukjent.
Eigar
I Nortraships flåte.

Minnestein ved Leikanger kyrkje i Selje

På kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje i Selje står ein minnestein til minne om bortkomne på havet og falne i krigen 1940-1945. Steinen vart fyrst reist til minne om bortkomne på havet og seinare også gjort til minnestein over falne.

Biografiar i bokverket Våre falne

Sju menn frå Stadlandet fall under krigen 1940-1945. To miste livet i alliert utanriksfart, to på norske ruteskip, ein i bombeåtak i London og ein på sjukehus i Frankrike. Den sjuande har me ikkje andre opplysningar om enn at han miste livet enten ved bombing eller torpedering. Den norske staten gav i 1948 ut bokverket "Våre falne" som inneheld korte biografiar og portrettbilete.

BJØRLYKKE, HÅKON MATHIAS, postekspeditør, Trondheim. Født 16. november 1923 i Selje, s. av poståpner Petter Andreas Rasmussen Bjørlykke, f. 1868 i Sande, og Marie Regine f. Tungevåg, f. 1879 i Selje. Middelskole og handelsgymnas. Reiste som postekspeditør med hurtigruteskipet St. Svithun og omkom 30. september 1943 da det ble bombet av fly ved Stad.

ELTVIK, PETTER HJALMAR, kokk, Selje. Født 10. april 1917 i Selje, s. av Mathias Larsen Eltvik, f. 1880 i Selje, og Sevrine, f. 1878 i Selje. Var kokk på m/t Kongsgaard som ble torpedert 6 n. mil vest av nordpynten på Curaçao 21. februar 1942, på vei fra Puerto de la Cruz til Aruba.

FLØDE, JOHN NORMANN, stud. med., Bergen. Født 8. desember 1917 i Bergen, s. av Johan Fløde, f. 1885 i Selje, og Martha f. Myhren, f. 1880 i Sande, Sunnmøre, d. 1931 i Bergen. Arrestert under studentrassiaen og sendt til Tyskland. Døde av tuberkulose på det amerikanske hospital i Besançon i Frankrike 7. desember 1944. Gravlagt i Besançon.

SANDVIK, PEDER, gårdbruker og hvalfanger, Selje. Født 8. juni 1879 i Selje, s. av gårdbruker Peder Johnsen Sandvik, f. 1836, og Synnøve Torbjørnsdatter, f. 1835. Gift 1903 i Selje med Paula Eltvik, f. 1876 s.st. 2 barn. Var under krigen fisker i Skottland og senere vaktmann ved et marinedepot i London. I 1941 var han med til norskekysten og satte i land to mann og tok med flyktninger tilbake. Omkom 7. mars under et flyangrep på London. Gravlagt i Leikanger.

Image
Peder Sandvik (1879-1945) miste livet under eit bombeåtak i London 7. mars 1945. Han tenestgjorde då som vaktmann på eit marinedepot i byen. Oskeurna hans kom heim om hausten i 1945 og vart sett ned på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje tysdag 21. november. Mange frå bygda var møtt fram for å visa Peder Sandvik den siste ære. Sokneprest Tungesvik heldt minnetale.

Peder Sandvik (1879-1945) lost his life during a bomb attack on London on 7 March, 1945. He was a watchman at a naval depot in the town. The urn containing his ashes was brought back in the autumn of 1945 and was placed in the graveyard of Leikanger church on 21 November the same year. Many people from the village turned up to show him the last honours. The vicar Tungesvik gave the memorial speech.

Datering
Ukjent.
Fotograf
Ukjent.
Eigar
I bokverket Våre falne.

SANDE, HJALMAR SIMON KARLOT, matros, Selje. Født 6. mars 1915 i Selje, s. av gårdbruker Jakob Jakobsen Sande, f. 1872, og Sara Olsdatter, f. Sande, f. 1880, begge Selje. Seilte i alliert fart som matros på m/s India. Skipet gikk fra Talara, Peru, 3. september 1943 og forsvant på vei til Sydney, Australia.

STOKKEVÅG, KARSTEN MATHIAS, motorbåtfører, Selje. Født 17. mai 1921 i Selje, s. av Laurits Kristensen Stokkevåg, f. 1869 s. st., og Anna Mathiasdatter f. Hestenes, f. 1885 i Gloppen. Aftenskole, korrespondansekurs. Var med d/s Irma som passasjer, og omkom 13. februar 1944 da skipet sank på Hustadvika etter to eksplosjoner, på reise fra Bergen til Kristiansund.

ÅRSHEIM, OLAF INGEBRIGTSEN (ikkje komen med i Våre falne).

Minneplate over falne

Tanken om å reisa eit minne over dei falne frå Stadlandet kom opp vinteren 1945/1946. Ein ungdom vende seg til lærar O. Myklebost og spurde om det ikkje skulle vore ordna med eit slag synleg minne. Myklebost var samd og tok kontakt med Kristiania Kunst & Metallstøperi i Oslo med tanke på å få laga ei metallplate med namna til dei falne. I mai 1946 samlast så nokre interesserte frå bygda om saka. Det var semje om å tinga ei namneplate og så setja ho på minnesteinen over bortkomne på havet som vart reist i 1938 etter initiativ frå Nordstrand Ungdomslag av N.K.U.F.

Image
Minnesteinen over bortkomne på havet frå Stadlandet og falne i krigen 1940-1945 står på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje. Det er fire plater på steinen. Nr. 2 ovanfrå er den eldste med namna på "stadværingar" som kom bort på sjøen 1868-1838, på nr. 3 står namna til dei falne i krigen 1940-1945, på nr. 4 står namna på dei omkomne i Stavenes-ulukka 1953, og på nr. 1 står namna til to omkomne i 1954 og 1969.

The memorial stone commemorating those who had perished at sea and those who lost their lives in the Second World War 1940-1945 stands in the churchyard at Leikanger church. There are four plaques on the stone. Number two from the top is the oldest one with the names of people from Stad who had perished at sea 1868-1838, on number 3 are the names of those who lost their lives in the war 1940-1945, on number 4 are the names of those who died in the Stavenes disaster in 1953, and on number 1 are the names of two persons who died in 1954 and 1969.

Datering
2002.
Fotograf
Ragnar Skorpen.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avdukingshøgtida

Avdukingshøgdtida vart halden søndag 13. oktober 1946 etter konfirmasjonsgudstenesta. Lærar O. Myklebost heldt avdukingstalen. Han sa m.a.: "Desse menn gav alt og var soleis med med å berga landet frå tyranni og voldsmakt tilbake til fridomen. Det skal denne tavla med dei sju namn minne oss om, og dei ætter som kjem etter oss."
Sokneprest Tungesvik tala også. - "Minnesteinen", sa han, "skal skapa takksemd mot dei som gjorde si plikt med livet som innsats. Men ogso om at vi har ein innsats å gjera i livet, kvar på sin post, i truskap til alt som Gud har sett oss til å gjera."


Fjordenes Tidende. 17.12. og 24.10.1946.
Våre falne. Oslo 1948.