I dette naturreservatet kan du få eit innblikk i kampen for tilværet når ein storbrann endrar levekåra for vegetasjonen. Her gjeld det å kjenna si besøkstid. Dei første plantene som vandra inn, blir kalla pionerartar. Dei spreier seg effektivt under gode lysforhold og kan utvikla seg fritt utan konkurranse frå annan vegetasjon. Fleire mose- og soppartar kjem svært tidleg, men dei klarar seg dårleg og forsvinn etter berre eit år eller to. Mange planter vil kunna overleva ein brann fordi røter og jordstenglar ligg godt verna i bakken. Dei må byggja seg opp att etter brannen, men er ikkje avhengige av frø eller sporar for å koma tilbake. Einstape, blåbær, tytebær og røsslyng er døme på artar som overlevde i jorda mange stader på Hopsfjellet. Røsslyngen har dessutan spreidd seg effektivt ved å produsera store mengder frø, og dette no den vanlegaste planta på brannfeltet etter brannen.
På det nedbørsrike Vestlandet er skogbrannar langt sjeldnare enn til dømes på Austlandet, fordi det her tek mykje lengre tid før det blir tørt nok på bakken. Om forholda ein sjeldan gong skulle liggja til rette for det, vil skogbrannar på Vestlandet kunna bli svært intense, fordi det mange stader har hopa seg opp mykje humus (daudt organisk materiale). Dessutan inneheld vegetasjonen ofte mykje grovvaksen lyng og einer, som spreier brannen effektivt både på bakken og oppover langs stammene. Det er først og fremst furuskogane som er utsette for brann, sidan dei er opne og er dominerte av artar som toler mykje tørke, særleg lyng og mose. Men den tjukke borken vernar furutrea, og mange overlever så sant trekrona ikkje tek fyr.
Brannen i furuskogen på Hopsfjellet starta i ein tørr og varm periode og var svært intens. Det brann ikkje like mykje overalt, og det stod att parti som fekk mindre skade. I dag er det ny skog på brannflata, mest furuskog, men òg mindre parti med lauvskog av bjørk, selje, øyrevier og noko osp. Fråværet av einer er tydeleg og vil i fleire tiår skilja skogen på Hopsfjellet frå annan furuskog. Dei utbrende trea vil i lang tid vera synlege i landskapet som borklause, gråkvite minnesmerke. Nokre av trea vil stå att oppreiste, andre vil liggja på bakken og kanskje vera dekte av sopp og mose.