Frå vikingtid til vår tid
Dagens kommunegrenser er frå 1964 og byggjer på dei gamle skipreidegrensene som går tilbake til vikingtida – storleiken på eit bygdelag som kunne utstyra eit langskip til kongens flåte. Få tilhøve fortel tydelegare om overgangen frå sjø og skip til bilens landskap enn endringane av kommunegrensene.
Trekantsambandet mellom mellom Sveio, Stord og Bømlo, med tunnell under Bømlafjorden, forsterkar dette. I 1837, då det lokale sjølvstyret vart innført, vart dei nye kommunegrensene trekte etter prestegjelda og skipreidene. På det tidspunktet fanst det ingen sjølvstendig kommune på Tittelsneshalvøya. Så lenge sjøen var hovudvegen, var øyane naturlege midtpunkt. Vikebygd høyrde til Fjelberg kommune, tidlegare Fjelberg skipreide, Sveio høyrde til Finnås kommune på Bømlo og Valestrand høyrde til Stord. Før reformasjonen høyrde Valestrand til Fjelberg, men frå 1538 og fram til 1870 låg denne bygda i Stord prestegjeld.
Frå Rogaland til Hordaland
Ser vi ut over landskapet, oppdagar vi at geografisk og naturhistorisk har Sveio meir til felles med Rogaland enn med Hordaland. Dei mange våtmarkene i kommunen liknar lite på dei vi finn i resten av fylket. Våtmarkene i Sveio er av same type som dei grunne, næringsrike innsjøane på Haugalandet og Jæren. Flora og fauna i våtmarkene har naturleg nok stort artsfellesskap på tvers av dei gamle landskapsgrensene.
I eit historisk perspektivktiv ser vi at Sveio gjerne er første staden mange dyreslag kjem til frå sør, før dei eventuelt spreier seg vidare nordover. Somme dyreslag har venta i fleire tusen år på å kryssa den breie Bømlafjorden, og somme ventar enno. I dag er rådyret eit døme på slik vandring. Sveio har den største rådyrstamma i Hordaland, og Bømlafjorden har lenge vore eit stengsel for rådyra også. Mange andre stader i fylket kan by på gode livstilhøve for dette dyret, og med tida er det godt mogeleg at mange kommunar får innvandra rådyr med formødre frå Sveio. I lange tider var kyrkjetårnet i Førde sikraste staden å finna pilfinken i Hordaland. Først i slutten av 1980-åra vart arten vanleg nord om Bømlafjorden.
Sletter og åsar – skog, lyng og vatn
Landskapet kan i store drag delast i to – eit lågt og skoglaust sletteland i vest og skogkledde åsar i aust og nord. Heilt i aust skrånar landet bratt ned mot Ålfjorden. Slettelandet i vest ligg på strandflata. Denne er best utvikla like sør for Tjernagel og nord for Ryvarden. På Sletta utgjer båar og skjær den undersjøiske delen av strandflata, der det tragiske forliset av Sleipner skjedde i november 1999. Den bråe overgangen mellom strandflata og åsane innafor ser vi lettast frå riksvegen på vestsida av Tittelsnes og sørover forbi Valestrand.
Mange stader i kommunen er jorda rik på humus, og det finst mykje myrjord, spesielt ved dei mange ferskvatna. Elles er det også område med meir næringsrik forvitringsjord der det er omdanna sedimentære bergartar. Vegetasjonen skifter frå skogkledde område i nordaust til meir eller mindre skoglaust i sørvest. Furua er best tilpassa og mest dominerande, men det er også mykje bjørk i dei bratte liene.
Lyngheisona er breiare her enn elles på Vestlandet, og lengst i sør dekkjer ho heile kommunen i breidda. Det vert stadig meir skog, fordi det er blitt færre dyr på beite og mindre slåttemarker. Særleg den indre delen av heia gror no raskt att med tre og buskar.
Dei aller fleste av dei 282 vatna i kommunen ligg lågare enn 5-10 m o.h., og har jamt over høg pH-verdi. Vasskvaliteten er generelt god frå naturen si side, men vatnet er mange stader sterkt påverka av organisk tilsig frå landbruksområda.
Vestavêr
Nærleiken til havet og det låge landskapet gir eit klima med mykje vind, milde vintrar og heller kjølege somrar. Mest utprega er dette i sørvest, som ligg ope til mot Sletta og Bømlafjorden. Bortsett frå eit par toppar på Tittelsneshalvøya har kommunen ingen høgdedrag over 200 m. Topografien gir såleis lite skjerming mot vestavêret.
I roleg vêr med lite skyer kan topografien skapa lokale temperaturskilnader med markert lågare nattetemperaturar og høgare dagtemperaturar i lågtliggjande, lune område i dalar og lier, enn i frittliggjande område høgare oppe eller ut mot sjøen. Om sommaren kan det i indre strøk bli haugskyer og torevèr, som om kvelden kan koma vestover og gi byger, men det typiske for dei fleste områda er nedbørsunderskot og tørke i godvèrsperiodar om sommaren. Dei årlege nedbørsmengdene aukar noko frå kysten og innover til distrikta ved Ålfjorden. På årsbasis er det liten skilnad i tal nedbørdagar i dei ulike delane av kommunen, i gjennomsnitt er det om lag 190 dagar med nedbør.
Så vestavêret er ikkje berre dei tunge lågtrykka som rullar inn frå Atlanterhavet, men også lokalklima som blir påverka av landskapet med alle haugane, Haugalandet.