Ikkje nett legoklossar
Studerer ein grunnmurane under eldre hus på øysamfunna vestom Straumsfjorden, ser ein snart at mykje av steinen er tilførd. Og når dei likevel måtte føre stein langvegs frå, valde dei frå område med skapleg murstein.
Det siste kneip det med lenger innover i kommunen, endå det var rikeleg av lausstein. Konglomeratet er ikkje lagdelt og er dermed lite eigna til å mure med. I eit såpass vêrhardt område ville det gjort seg både med steinløer og vernemurar på drevsidene. Men klumpet og uformeleg som konglomeratsteinen er, var det uråd å leggje ein mur slik at vatnet mot veggen heile tida rann ut. Stein med god vis, flat framside, lyt ein leite etter. Å kløyve konglomeratstein går, men han sprekk som han sjølv vil. Den knudrete, fargerike forma gjer likevel ein slik mur særs vakker, og steinslaget ligg godt både i murar og vegskråningar.
God steinavsetnad ved sjøen
Langs dei fleste fjærer der det bur folk, ligg i dag ein jar av ryddestein som folk ein gong har maksla til sjøs, anten no slåttebøen skulle dyrkast betre, eller utvidast. Tidleg la dei vinn på å rydde til ei høveleg stø for robåten, gjerne med ein liten steinvòr på eine eller begge sidene, til ly for vindskavlen. Nye generasjonar utvikla sjødrifta og brukte større båtar. I hamna kom mura sjøhusgrunnar, steinbryggjer og til sist moloar. På somme gardar kom kvar einaste stein til nytte på ei eller anna vis. Steinslaget sat godt i iletau og laksenotstreng, i småelvar og sjøbordfjærer fanst glattare utgåver til not- og garnsøkke.
As early as before 1940, Vilhelm T. Færøy was at work on a breakwater, on the west side of Færøy, for protection against the weather-exposed Lågøyfjord. He broke loose great quantities of stone from his fields and took it down to the sea by horse and sledge. Later he removed a huge scree on his property. When his sons were at home from the fisheries, they took their turn in the masonry work and the stone transportation. Year after year Vilhelm worked on this stone project. The picture from around 1950 shows some of the breakwater, all the stone has been cleared from his own farm.
Stubbebrytaren vinn terreng
Mykje av ryddesteinen hamna og i grunnmurar under våningshus og fjøsar, likeins til gjerde på inn- og utmark. Det fanst òg dei fiskarbønder som gjekk laus på myr-dyrking. Steingrøftene trakta godt væte or jorda, men kunne bli reine steinsluk når myra seig og veitene gjekk seg att.
Vinteren 1909-1910 gjekk ein ungdom frå Steinsund på Mo jordbrukskule. Der fekk han kjennskap til eit arbeidssparande vedunder på tre bein: steinbrytaren. Straks skaffa han og broren seg beslag og blokker og laga første steinbukkane i Solund. Andre gjorde sameleis då dei såg kor hendig denne reiskapen var til dyrking, steinkøyring og muring.
Hellerar til ly
Mange stader i Solund ligg svære flyttblokker så overraskande til at ein kunne tru dei var plasserte for moro. Ikkje har dei komme langvegs frå heller, sidan dei er av same bergarten som fjellgrunnen elles her. Litt rart kanskje, når bergarten vart kitta saman under høgt trykk, langt under jordoverflata eingong.
Særleg når isbreen har tørna mot dei nord-sør-gåande fjellrekkjene, har han lagt att rikeleg stein på begge sider av fjella. Vintersdagen i snøvêr sette utegangssauene stor pris på alle desse hellerane og steinhusa som naturen stilte til rådvelde. Her samla dei seg, og her var dei greie å finne når eigaren tok seg fram med høysekken. Og når striregn og torebyer tok laust i sommarhalvåret, stod mang ei ku i ly her for verste drevet.
The breakwater at Færøy was some one hundred metres long, and at the far end covered vessels could dock. To the right in the picture, there is a concrete warehouse and a concrete wall with small windows, where people could take shelter while waiting for vessels to come in. A little side wall was also built there, which gave some shelter for the small, fast motor boats.<br />
In the background, the massive breakwater built by the harbour authority in 1961-1963 can be seen. This gave Færøy a safe harbour, at long last. The materials were blasted out of the conglomerate rock at Færøy, and every stone forms part of a colourful work of art.
Konglomerat til pryd
Mange meinte at det fargeike steinslaget kunne utnyttast til pene bruks- og prydgjenstandar, og i 1981 vart Buskøy Steinindustri skipa. Bak stod Harald Bontveit og Herman Færøvik. I produksjonslokala kom etter kvart alle maskiner som måtte til under prosessen. Råmaterialet henta dei berre nokre meter frå produksjonsplassen, med boring og skyting. Produkta var lamper, bordplater og gravminne m. m.
Etter ein tiårsbolk låg drifta nede nokre år til unge Einar Bontveit år 2000 starta opp att, etter først å ha teke fagbrev i steinindustrifaget. Saman med faren, Harald, driv han no under namnet Veststein ANS. Dei produserer etter kunden sine ynske, og utvidar stadig varespekteret. Kundane er private, firma og byggvarebutikkar.