Både minnestein og minneplate
Sommaren 1917 heldt misjonsfolket gudsteneste i Sogndal og minnesamvær på Kjørnes, ca 3 km frå Sogndal sentrum, for å markera at det var 100 år sidan misjonær Schreuder vart fødd. Alt den gongen snakka dei om å reisa minnesmerke, og somme ynskte det kunne koma ein Schreuder-minnestein på fødestaden Kjørnes. Og minnesmerke vart det, om ikkje nett slik dei tenkte seg i 1917. I 1927 reiste misjonsvenene ein minnestein på grava til mor hans, Anna Cathrine Smidt Schreuder på kyrkjegarden i Sogndal, og i 1992 reiste dei minnestein over Schreuder sjølv ved kyrkja på Stedje. Kjørnes låg for avsides til, meinte minnesmerke-nemnda, men dei gjekk med på å setja opp ei minneplate på huset på Kjørnes.
1832 - eit merkeår
Året 1832 er eit merkeår i livet til 15-åringen Hans Schreuder. Den 24. juni døydde mora etter fleire års sjukelegje. Dagen etter vart han konfirmert i av presten Abel, og kort tid etter flytte familien til Mandal. Schreuder vitja barndomsheimen to gonger seinare; sommaren 1842 nett før han reiste til Afrika, og 1866 då han var i Noreg og vart vigsla til misjonsbiskop.
The house where the missionary Hans Schreuder was born on 18 June, 1817, built in the early 18th century. The picture dates from about 1910. In 2001, both houses have been completely renovated.
Barndomsminne
Karoline Kjørnes, fødd 1910, budde lenge i gamle-huset på Kjørnes. Ho har høyrt fortalt at då Schreuder var på besøk i 1866, hadde han stogga ved kjøkenglaset og sett ut på ein bergknaus like utanfor og sagt: "Ja, her skreidde jeg på buksebaken mang en gang".
Karoline Kjørnes, born 1910, lived many years in the old house at Kjørnes. She can still remember the meeting at Kjørnes in 1917 to commemorate the centenary of Schreuder's birth. The picture shows her standing on the stairs up to the main entrance of the house.
Bygde sagbruk i ein bekk
Det er skrive mykje om misjonær Schreuder og arbeidet hans. I 1970 kom det ut eit lite hefte av Liv Bergsholm til bruk i skulen. I kapitlet om barneåra i Sogndal, fortel ho mellom anna om at Hans ein gong bygde eit sagbruk i ein bekk like ved heimen.
"Hans var godt likt i kameratflokken. Han var full av ideer og fant alltid på noe. Han likte å arbeide med hendene. Flink og nøyaktig var han også. De andre guttene var levende interessert i det han eksperimenterte med.(....) Da han var 13 år, laget han et helt sagbruk i miniatyr. Og virket gjorde det også."